Jurijus Veklenko
Jurijus Veklenko (fødd 6. juli 1990), også kjend som berre Jurijus, er ein litauisk songar og musikar. Han representerte Litauen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel med songen «Run with the Lions».[1]
Jurijus Veklenko | |||
![]() | |||
Fødd | 6. juli 1990 (34 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Klaipėda | ||
Opphav | Litauen | ||
Aktiv | 2012– | ||
Sjanger | pop | ||
Verka som | songar |
Bakgrunn
Veklenko vart fødd i Klaipėda. Han har jobba med musikk og song i ei årrekkje og var blant anna støttevokalist for dei litauiske bidraga i Eurovision Song Contest 2013 og 2015.[2] Under den nasjonale finalen i 2017 hadde han hovudvokalen på songen «Get Frighten» med dragartisten Lolita Zero.[3][4]
I 2019 vann Veklenko Eurovizijos Atranka, den litauiske uttakinga til Eurovision Song Contest, med songen «Run with the Lions». Gjennom sigeren fekk han representere landet i Eurovision Song Contest i mai 2019.[2] I januar 2019 vart Litauen trekt ut til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og Litauen hadde startnummer 13.[5] Veklenko vart ikkje blant dei ti beste i semifinalen, og kvalifiserte seg dimed ikkje til finalen laurdag 18. mai.[6] Han enda på ellevteplass og var berre eitt poeng unna tiandeplassen og ein plass i finalen.[7]