Julia Dream

Julia Dream
Singel av Pink Floyd
frå albumet Relics
A-side

«It Would Be So Nice»

Språkengelsk
Utgjeve12. april 1968
Innspelt13. februar 1968
StudioAbbey Road Studios i London
SjangerPsykedelisk folk
Lengd2:37
SelskapColumbia (EMI) (Storbritannia)
Tower/Capitol (USA)
KomponistRoger Waters
TekstforfattarRoger Waters
Låtskrivar(ar)Roger Waters
ProdusentNorman Smith
Pink Floyd-kronologi 
«Apples and Oranges»
(1967)
Julia Dream«Let There Be More Light»
(1968)


«Julia Dream» er ein song av Pink Floyd gjeven ut som B-sida til singelen «It Would Be So Nice» i 1968.[1][2] Songen var den første som vart spelt inn av bandet med solovokal av David Gilmour.

Låtskriving

Songen vart skriven av bassisten Roger Waters, «Julia Dream» har eit langsamt tempo, ein luftig, ambient Mellotron frå klaverspelaren Rick Wright og fyldig korvokal.

Tekstane på songen omfattar referansar til ein ederdunsdyne, noko som òg vert nemnt i to andre kjende Pink Floyd-songar – Syd Barrett sin «Flaming» og Gilmour/Waters sin «A Pillow of Winds». Linja «Am I really dying?» dukka opp att ti år seinare i songen «Mother» på albumet «The Wall».

Seinare utgjevingar

Songen vart sidan gjeven ut på fleire samlealbum: plateboksen The Early Years 1965–1972, The Best of Pink Floyd, Relics og plata The Early Singles som var med i plateboksen Shine On.

Medverkande

Andre versjonar

  • Mark Lanegan brukte å spele denne songen på ein akustisk turné i 2010.[3]
  • Acid Mothers Temple spelte songen i 2011 på eit akustisk konertalbum, Live as a Troubadour.
  • Mostly Autumn spelte denne songen i 2005 på konsert-DVD-en Pink Floyd Revisited.
  • Shadow Gallery spelte denne songen som ein del av medleyen «Floydian Memories», på spesialutgåva av albumet Room V frå 2005.

Kjelder