Jukka Piironen
Juho Ensio Piironen, kjend som Jukka Piironen, (11. august 1925–5. mars 1976) var ein finsk friidrettsutøvar frå Leppävirta. Han tevla fremst i stavhopp, men òg i tikamp.
Jukka Piironen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 11. august 1925 Leppävirta |
Død | 5. mars 1976 (50 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Aktiv
Piironen vann bronsemedaljen i stavhopp ved EM i friidrett 1950 i Brussel med eit hopp på 4,25 meter, jamt med landsmannen Valto Olenius som tok sølv, svensken Ragnar Lundberg vart europameister med 4,30 m. Under Sommar-OL 1952 på finsk heimebane mislukkast Piironen heilt i finalen og hamna på 18. plass med 3,80 m. I 1954 kom han på delt bronseplass ved europameisterskapen i Bern. Med personleg rekord på 4,30 meter enda han 10 cm under landsmannen Eeles Landström som vann gull. Fyrste påskedag 1956 tok Piironen seg over 4,32 m ved eit innandørs-stemne i Helsinki.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
- «Jukka Piironen» (på engelsk). Olympedia. Henta 6. mars 2023.