Jorunn Ringstad
norsk politikar
Jorunn Ringstad (3. september 1943–12. september 2018)[1] var ein norsk politikar for Senterpartiet. Ringstad sat på Stortinget for Sogn og Fjordane først som vararepresentant frå 1989 til 1993 så som fast representant frå 1993 til 2005.
Jorunn Ringstad | |||
Fødd | 3. september 1943 Askvoll | ||
---|---|---|---|
Død | 12. september 2018 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Verv | Ordførar i Askvoll 1988-1992 | ||
Føregangar | Kåre Ness | ||
Etterfylgjar | Kjellaug Veivåg Høyvik | ||
Alle verv |
|
Ringstad vart fødd i Askvoll i Sogn og Fjordane. Ho vart utdanna som lærar og ingeniør, og jobba for det meste som lærar fram til 1986. Ringstad var ordførar i Askvoll frå 1988 til 1993. Ho var medlem av sentralstyret i Senterpartiet frå 1997 til 2000, og var visepresident i Odelstinget frå 1997 til 2001. Ringstad var styreleiar i Helse Førde frå 2012.
Stortingets presidentskap
Stortingskomitéer
- 2001–2005 første nestleiar i Samferdselskomitéen.
- 2001–2005 medlem av Valkomitéen.
- 1997–2001 medlem av Samferdselskomitéen.
- 1997–2001 medlem av Valkomitéen.
- 1997–2001 medlem av Arbeidsordningskomitéen.
- 1997–2001 varamedlem av Den utvida utanrikskomitéen.
- 1993–1997 medlem av Justiskomitéen.
- 1993–1997 varamedlem av Den utvida utanrikskomitéen.
- 1993–1997 varamedlem av Den førebuande fullmaktskomitéen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen