Jorunn Hageler

norsk politikar

Jorunn Hageler (8. oktober 194631. januar 2023) var ein norsk lærar og politikar for SV.[1]

Jorunn Hageler
Fødd8. oktober 1946
Sortland kommune
Død31. januar 2023 (76 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar, lærar
Utdanna vedHøgskolen i Hedmark
Alle verv

Hageler var frå Sortland i Nordland. Ho gjekk folkeskole og realskole i Glomfjord, og tok examen artium ved Eidsvoll landsgymnas i 1965.[1] Etter eksamen ved Hamar lærarskule tok ho vidareutdanning i blant anna norsk, religionshistorie, pedagogikk, kristendomskunnskap, norsk fagmetodikk og informasjonsrådgjevning. Hageler var adjunkt i ungdomsskulen i Vadsø 1971–1976, deretter i Steinkjer fram til ho vart pensjonist. Ho har òg vore sosiallærar. På byrjinga av 2000-talet var ho knytt til OSSE si verksemd i Bosnia.

Hageler var medlem av Steinkjer kommunestyre 1980–1987, medlem av formannskapet 1986–1987, leiar i Steinkjer SV 1988–1991 og dessutan leiar i Nord-Trøndelag SV 1991–1993. I perioden 1993–1997 var ho innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag, og sat i Stortingets familie-, kultur- og administrasjonskomité.[2][3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff