John Mearsheimer

John Joseph Mearsheimer (fødd 14. desember 1947) er ein amerikansk statsvitar frå Brooklyn i New York.

John Mearsheimer

Fødd14. desember 1947
New York by, Brooklyn
NasjonalitetUSA
OmrådeOffensiv realisme
Yrkeoffiser, international relations scholar, universitetslærar, skribent
InstitusjonarUniversity of Chicago
Brookings Institution
Council on Foreign Relations
Alma materUniversity of Southern California
Cornell University
United States Military Academy
University of Southern California School of International Relations
DoktorgradsrettleiarRichard Rosecrance
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences

Karriere

Mearsheimer studerte ved United States Military Academy 1966–1970, og tenestegjorde dinest fem år som offiser ved United States Air Force. I 1974 tok han mastergrad i internasjonal politikk ved University of Southern California, og doktorgrad ved Cornell University i 1980. Han var vitskapleg assistent ved Brookings Institution i Washington, D.C. 1978–1979, og postdoktor ved Harvard University 1980–1982. Sidan 1982 har Mearsheimer vore professor i statsvitskap ved University of Chicago.[1]

Idéar

Nyrealisme

Mearsheimer høyrer til den nyrealistiske skulen innan internasjonal politisk teori. Inspirert av Kenneth Waltz har Mearsheimer vorte den største eksponenten for offensiv realisme. Til skilnad frå den klassiske realismen til Hans Morgenthau er dette ein strukturell teori, og hevdar at maktkonkurranse mellom statar kjem som fylgje av anarkiet i det internasjonale politiske systemet, ikkje menneskenaturen. I motsetnad til den defensive realismen til Waltz, meiner Mearsheimer og offensive realistar at statar ikkje vil verta tilfredsstilte med ei gjeve mengd makt, men vil alltid søkja hegemoni for å vera på den sikre sida. Mearsheimer meiner dette kjem av at anarkiet i det internasjonale politiske systemet skapar ein sterk motivasjon for statar til å søkja makt så det går ut over konkurrerande statar. Han har særleg gjort greie for denne sjona i The Tragedy of Great Power Politics frå 2001.[2] I den samanhengen har Mearsheimer også hylla den klassiske realisten E.H. Carr og sjona hans på det internasjonale politiske systemet som eit anarki.[3]

Israel-lobbyen

I 2006 gav Mearsheimer ut saman med Stephen Walt eit arbeidsnotat,[4] og seinare ein artikkel i London Review of Books, der dei analyserte den makta som den såkalla Israel-lobbyen har til å forma den amerikanske utanrikspolitikken.[5] Dei omtalte Israel-lobbyen som «ein laus koalisjon av enkeltpersonar og organisasjonar som aktivt arbeider for å styra amerikansk utanrikspolitikk i ei israelvenleg retning».[6] Dei påpeikte at dette er ein tendens, ei rørsle, ikkje ein konspirasjon. Mearsheimer meiner at innverknaden til lobbyen har vore overveiande negativ, og at han har skove utanrikspolitikken i ei retning som er i strid med både amerikanske og israelske interesser.[6]

Kina

Mearsheimer meiner den økonomiske veksten til Kina vil føra til at landet søkjer regionalt hegemoni, og at USA vil freista å hindra Kina i dette. Han spår at USA vil finna regionale allierte – som India, Japan, Sør-Korea, Vietnam og Indonesia — for å demma opp for eit kinesisk hegemoni. Mearsheimer meiner det ligg i naturen til den internasjonale politikken, at regionale stormakter hindrar statar i andre regionar å søkja tilsvarande hegemoni.[7]

Russland–Ukraina

Mearsheimer meiner NATO og dei vestlege landa ber ansvar for å ha provosert den russiske invasjonen av Ukraina i 2022. Ifylgje Mearsheimer byrja problemet i 2008 då president G.W. Bush uttalte at Ukraina og Georgia ville verta medlemer av NATO,[8][9] noko russiske leiarar oppfatta som ein eksistensiell trugsel mot Russland. USA ignorerte åtvaringa frå Russland og heldt fram med å støtta vestorienteringa av Ukraina. Situasjonen vart ifylgje Mearsheimer spissa til under Trump med m.a. sal av «defensive» våpen til Ukraina, og under Biden med m.a. marineøving i Svartehavet. Mearsheimer meiner det ikkje er imperieambisjonane til Putin eller irrasjonalitet som er årsaka til krigen.[10][11] Mearsheimer uttalte i februar 2022 at Russland burde få ein tydeleg bodskap om at Ukraina ikkje ville verta teke opp i NATO. Han samanlikna høvet mellom Russland og Ukraina med høvet USA har til Canada, Mexico og Cuba, der USA neppe ville akseptert andre stormakter i å inngå militæralliansar med nabolanda til USA.[8][12]

Kjelder

Litteratur

  • Mearsheimer, J. (2018). The Great Delusion: Liberal Dreams and International Realities (på engelsk). Yale University Press. ISBN 978-0-300-23419-0. 
  • Mearsheimer, J. (2011). Why Leaders Lie: The Truth About Lying in International Politics (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 0-199-75873-5. 
  • Mearsheimer, J. & Walt, S. (2007). The Israel Lobby and U.S. Foreign Policy (på engelsk). Farrar, Straus & Giroux. ISBN 0-374-17772-4. 
  • Mearsheimer, J. (2001). The Tragedy of Great Power Politics (på engelsk). New York: W. W. Norton & Co. ISBN 0-393-02025-8. 
  • Mearsheimer, J. (1988). Liddell Hart and the Weight of History (på engelsk). Ithaca: Cornell University Press. ISBN 0-8014-2089-X. 
  • Mearsheimer, J. (1983). Conventional Deterrence (på engelsk). Ithaca: Cornell University Press. ISBN 0-8014-1569-1. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: John Mearsheimer