Jimmie Macgregor

Jimmie Macgregor MBE (fødd 10. mars 1930) er ein skotsk folkesongar og kringkastar, best kjend som eine delen av ein songduo med Robin Hall.[1]

Jimmie Macgregor
Fødd10. mars 1930 (94 år)
FødestadGlasgow
OpphavStorbritannia
Instrumentvokal
Verka somsongar
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Biografi

Jimmie Macgregor var fødd i Springburn i Glasgow i Skottland,[2] og voks opp i ein tenement-leilegheit og så i ein sosialbustad, der han seinare fortalde at folk samla seg for å laga musikk.[3] Etter å ha utført verneplikta (national service) studerte han ved Glasgow School of Art. Han gjekk ut frå skulen på midten av 1950-talet og blei keramikar og lærar.[2]

Samarbeid med Hall

I 1960 danna han eit musikalsk partnerskap med Robin Hall som kom til å vara i 20 år.[4] Dei var mykje på BBC fjernsyn, både på Tonight[3] og på The White Heather Club.[5] Begge spela også i The Galliards med Leon Rosselson og Shirley Bland.[2]

Hall og Macgregor spelte inn over 20 album i løpet av samarbeidstida si, som enda i 1981.[4][6] Ein av dei mest suksessfulle singlane deira var «Fotball Crazy», som kom ut i 1960 på Decca Records.

Fjernsyns- og radioarbeid

Macgregor laga så fjernsynsprogram for BBC Scotland, mange om langdistanseturar, som In the Footsteps of Bonnie Prince Charlie, On The West Highland Way og Macgregor Across Scotland. Han laga også radioprogrammet Macgregor's Gathering, som gjekk på Radio Scotland i mange år.[2] Han har vore med i fleire ulike verneorganisasjonar, som Association for the Protection of Rural Scotland,[7] og blei tildelt ein MBE i 1994 for bidrag til skotsk kultur og kulturarv.[8]

Kjelder