Jevgeni Ossinovski

Jevgeni Ossinovski (fødd 15. mars 1986 i Kohtla-Järve) er ein estisk politikar, som frå 14. april 2024 er borgarmeister i Tallinn. Han representerer Det sosialdemokratiske partiet.

Jevgeni Ossinovski

Fødd15. mars 1986 (38 år)
Kohtla-Järve
Statsborgar avEstland
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversitetet i Tartu
University of Warwick
London School of Economics
FarOleg Ossinovski
EktefelleTriinu Ossinovski
Alle verv
  • Estlands utdannings- og forskningsminister (2014–2015)
  • Estlands helse- og arbeidsminister (2015–2018)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2015–2015)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2011–2014)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2018–)
  • medlem av det estiske Riigikogu (2019–2022)
  • Tallinns borgermester (2024–) Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

Ossinovski er tospråkleg estisk og russisk, og han har som politikar ønskt å dempe etniske spenningar i Estland. Han er son av den russiskfødde forretningsmannen Oleg Ossinovski, som er estisk statsborgar og ein av dei rikaste personane i landet. Mora, Irina, er halvt russisk og estisk.[1][2][3]

Ossinovski har bachelorgrad i filosofi frå Universitetet i Tartu, mastergrad i filosofi frå University of Warwick og mastergrad i statsvitskap frå London School of Economics. Han mottok æresutmerkingar (laud) for begge masteroppgåvene sine.[4]

I 2011 blei Ossinovski vald inn i den estiske riksdagen, Riigikogu, frå Ida-Viru fylke. I 2013 blei han også vald inn i bystyret i Narva.[4]

Ossinovski var utdannings- og forskingsminister frå 2014 til 2015 og arbeids- og helseminister frå 2015 til 2018.[4] Han var også leiar for Det sosialdemokratiske partiet frå 2015 til 2019.[5]

Ossinovski blei vald inn i bystyret i Tallinn i 2017, og i 2022 blei han friteken frå vervet i Riigikogu for å ivaretake dei kommunalpolitiske oppgåvene sine.[6] I 2024 støtta sosialdemokratane eit mistillitsvotum mot borgarmeister Mihhail Kõlvart, som følgje av ei korrupsjonssak, og Ossinovski blei vald til ny borgarmeister.[7]

Kjelder