Jerome Biffle
Jerome Cousins Biffle (20. mars 1928–4. september 2002) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar, fødd og død i Denver i Colorado, som vart olympisk meister i lengdehopp i 1952.
Jerome Biffle | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 20. mars 1928 Denver |
Død | 4. september 2002 (74 år) |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Biffle vart amerikansk studentmeister (NCAA) i lengde i 1950 med eit hopp på 7,74 meter. To år etter vart han nummer to, bakom Meredith Gourdine, i den USA-amerikanske uttakinga til Sommar-OL 1952 i Helsinki. Under leikane i Finland tok han leiinga i tredje omgang med eit hopp som målte 7,57 m, og vann gullmedaljen framom Gourdine som oppnådde 7,53 m.
Han arbeidde sidan som løpstrenar og ungdomsarbeidar ved den vidaregåande skulen i Denver som han sjølv hadde gått på.
Kjelder
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landSpesial:SøkSpesial:Siste endringarØresundbruaNasjonaldyrVM i fotball 2022Det engelske herrelandslaget i fotballIngerid StenvoldAndre verdskrigenNicole KidmanTete LidbomWikipedia30. novemberFjellfolkVM i fotball 1966Wikipedia:KontaktEM i fotball 2004Sigrid HenjumEuropaCristiano RonaldoHotel Union ØyeEM i fotball 2021Det norske alfabetetKarsten WarholmTübingenVictoria av SverigeWikipedia:OmAnne-Sophie MutterSpeleautomatFrankrikeVaniljerotOlympiastadion i BerlinLønnGardasjøenKrøllalfaKnut den mektigeSynne VoHjelmelandsvågen