Jermain Defoe

britisk fotballspelar

Jermain Colin Defoe (fødd 7. oktober 1982) er ein engelsk tidlegare fotballspelar som har spelt for Tottenham Hotspur sidan 2009.

Jermain Defoe
Personleg informasjon
Fullt namnJermain Colin Defoe
Fødd7. oktober 1982
FødestadBeckton
Høgd170 cm
PosisjonAngrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Tottenham Hotspur
Nummer18
Ungdomsklubbar

1997-1999
1999-
Senrab FC
Charlton Athletic
West Ham
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
1999-2004
2004-2008
2008-2009
2009-
West Ham
Tottenham
Portsmouth FC
Tottenham
93 (29)
139 (43)
30 (15)
47 (21)
Landslag
2004- England45 (15)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. desember 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. september 2010

Jermain vart fødd i London. Mora kom frå St. Lucia og faren frå Dominica. Det fyrste laget Jermain spelte for, var London-klubben Senrab. I ungdomstida spelte han òg for Charlton Athletic før han kom til West Ham United. Han kom på West Ham sitt fyrstelag i 1999. I 2004 bytte han klubb til Tottenham, deretter til Portsmouth før han reiste tilbake til Tottenham i 2009. Han var Tottenham sin toppskårar i Premier League i 2004/05- og 2009/10-sesongen.

Landslagsspel

Defoe spelte for det engelske landslaget frå 2004. Han fekk ikkje delta i fotball-VM 2006, men var ein del av troppen i fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han det einaste målet i kampen mot Slovenia i gruppespelet.Defoe fekk sin 57. og siste landskamp på Hampden Park i juni 2017. Han var innbytar då Skottland og England spelte uavgjort i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 2018. Defoe noterte seg for 20 landslagsmål.

Kjelder