Jennifer Eccles
- Artikkel
- Diskusjon
Jennifer Eccles Singel av The Hollies | ||
B-side | UK: «Open Up Your Eyes» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. mars 1968 (UK) | |
Innspelt | 3. februar 1968 Chappell Studio, London [1] | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 2:40 (album) 3:04 (singel) | |
Selskap | UK: Parlophone R5680 US/Can: Epic 10298 | |
Tekstforfattar | Allan Clarke, Graham Nash | |
Låtskrivar(ar) | Graham Nash Allan Clarke | |
Produsent | Ron Richards | |
The Hollies-kronologi | ||
«King Midas in Reverse» (1967) | Jennifer Eccles | «Listen to Me» (1968)
|
«Jennifer Eccles» er ein song frå 1968 av The Hollies. Songen kom ut på singel med B-sida «Open Up Your Eyes» på Parlophone. Songen nådde sjuandeplassen på UK singles chart i mars 1968. Kring samstundes vart songen gjeven ut i USA med ei anna B-side, «Try It», og nådde 40. plassen på Billboard Hot 100. Songen vart skriven av medlemmar i bandet med hjelp frå konene deira etter at dei vart kritiserte for «King Midas in Reverse», der dei hadde teke ei anna musikalsk retning. Med denne songen gjekk dei attende til det vanlege formatet deira.
Jennifer Eccles vert òg nemnt i songen «Lily the Pink» av The Scaffold, som Graham Nash song korvokal på etter han slutta i The Hollies i desember 1968. Nash var gift med Rose Eccles frå 1964 til 1966.[2]
Liste (1968) | Plassering |
---|---|
Australia (Go-Set)[3] | 10 |
Austerrike (Den austerrikske singellista)[4] | 5 |
Canada (RPM Magazine) | 19 |
Tyskland (Media Control AG)[5] | 8 |
Nederland (Den nederlandske singellista)[6] | 17 |
Noreg (VG-lista)[7] | 5 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[8] | 7 |
Billboard Hot 100[9] | 40 |