Jeløya

(Omdirigert frå Jeløy)

Jeløya er ei øy i Moss kommune i Østfold. Byen Moss ligg delvis på sørenden av denne øya. Ho er òg ein tidlegare kommune og vart innlemma i Moss kommune 1. juli 1943. Jeløya hadde ved samanslåinga 4 243 innbyggjarar.

Jeløya
Geografi
StadYtre Oslofjord
Koordinatar59°26′32″N 10°38′06″E / 59.44222°N 10.63500°E / 59.44222; 10.63500

Areal19,0 km²

Høgaste punktBjørnåsen (138 moh.)

Administrasjon
LandNoreg
FylkeØstfold
Største busetnadMoss

Jeløy Folkehøyskole‎ ligg på øya.

Historie

Jeløya hadde frå 1837 administrativt nemninga Moss landsokn. Ein del av soknet med 340 innbyggjarar vart allereie i 1840 overført til Moss.

Den 1. januar 1876 vart ein ny del med 631 bebuarar overført frå Jeløy (Moss landdistrikt) til Moss. 1. juli 1925 hende den siste grensereguleringa før samanslåinga, då ein del med 30 innbyggjarar vart overført til Moss.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Jeløya