Jane Wiedlin

amerikansk songar og skodespelar

Jane Marie Genevieve Wiedlin (fødd 20. mai 1958) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar og skodespelar, mest kjend som opphavleg medlem, rytmegitarist og korvokalist i new wave-bandet The Go-Go's. Wiedlin har òg hatt ein suksessrik solokarriere.

Jane Wiedlin

Jane Wiedlin i Philadelphia i 1988
Fødd20. mai 1958 (66 år)
FødestadOconomowoc i Wisconsin i USA
FødenamnJane Marie Genevieve Wiedlin
AliasJane Drano, Reverend Sister Go-Go
OpphavUSA
AktivSidan 1978[1]
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • vokal
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • låtskrivar
  • skodespelarinne

The Go-Go's vart eit av dei mest populære amerikanske banda i 1980-åra og var med å gjere new wave populært med hittar som «We Got the Beat», «Our Lips Are Sealed» og «Vacation». Som soloartist hadde ho den største hitten sin med songen «Rush Hour», som nådde niandeplassen på Billboard Hot 100. Som skodespelar har ho hatt små roller som syngande telegramjente i filmen Clue (1985) og som Jeanne d'Arc i Bill & Ted's Excellent Adventure (1989).

Som medlem av The Go-Go's fekk Wiedlin ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Ho og bandet vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 30. oktober 2021.

Diskografi

Studioalbum

ÅrDetaljarListedetaljar
US
[2]
UK
[3]
Canada
[4]
1985Jane Wiedlin
  • Utgjeve: Oktober 1985
  • Selskap: IRS Records
127
1988Fur
  • Utgjeve: 1988
  • Selskap: EMI- Manhattan Records
1054888
1990Tangled
  • Utgjeve: 1990
  • Selskap: EMI USA
2000Kissproof World
  • Utgjeve: 31. oktober 2000
  • Selskap: Painful Discs
2017Elettrodomestico
  • Utgjeve: Oktober 2017
  • Selskap: Sjølvutgjeve

Samlealbum

ÅrAlbumdetaljar
1993The Very Best of Jane Wiedlin: From Cool Places to Worlds on Fire
  • Utgjeve: 1993
  • Selskap: Alliance Records, EMI

Singlar

ÅrSingelListeplasseringarAlbum
US
[5]
US Dance
[6]
NZ
[7]
UK
[3]
Can
1985«Blue Kiss»773062Jane Wiedlin
1988«Rush Hour»9311213Fur
«Inside a Dream»5764
1990«World on Fire»Tangled
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Som deltakar

ÅrSingelArtistListeplasseringarAlbum
USUS Dance
1983«Cool Places»Sparks4913In Outer Space

Andre utgjevingar

  • 1990 Pretty Woman (EMI) – «Tangled»
  • 1996 Cold (Geffen Records) – som froSTed
  • 2001 Josie and the Pussycats Original Soundtrack – bidragsytar på «You Don't See» og «Come On».
  • 2002 The Specials vs. the Untouchables: Ska's Greatest Stars (Big Eye Music) – Omarrangement av «Our Lips Are Sealed» med The Specials
  • 2006 80's New Wave Hits (Big Eye Music) – Omarrangement av «Our Lips Are Sealed» med The Specials
  • 2017 Elettrodomestico (If You're a Boy or a Girl)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Jane Wiedlin