Jan Mølby

dansk fotballspelar

Jan Mølby (fødd 4. juli 1963 i Kolding) er ein dansk tidlegare fotballspelar og trenar. Han spelte mesteparten av karrieren sin for Liverpool. Han fekk òg 33 landskampar for Danmark i løpet av karrieren.

Jan Mølby
Personleg informasjon
Fødd4. juli 1963 (61 år)
FødestadKolding i Danmark
Høgd188 cm
PosisjonMidtbanespelar
Seniorkarriere*
ÅrLagKampar (Mål)
1981–1982
1982–1984
1984–1996
1995
1995
1996–1998
Kolding
Ajax Amsterdam
Liverpool
→Barnsley (lån)
→Norwich City
Swansea
40 (0)
57 (11)
218 (44)
5 (0)
3 (0)
41 (5)
Totalt364 (63)
Landslag
1979Danmark U-176(2)
1980–1981Danmark U-199(0)
1981–1983 Danmark U-217(0)
1982–1990Danmark33(2)
Trenar for
1996–1997Swansea City
1999–2002Kidderminster Harriers
2002Hull City
2003-2004Kidderminster Harriers
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Klubbspel

Mølby byrja klubbkarrieren sin på lokalklubben Kolding FK i 1981 og i ein alder av 19 år var han kaptein for klubben. Mølby gjekk til Liverpool i 1984 etter at pr. år i Ajax. Under tida si i Liverpool laga han 62 mål, derav 42 på straffe, han har ein gong gjort eit hattrick på straffe mot Coventry City. Under tida si i Liverpool bomma han berre på tre straffar. Totalt skåra han på 42 av 45 straffar. For det danske landslaget gjorde han debut som 18-åring i 1982 saman med Michael Laudrup. Han la opp som fotballspelar etter å ha vore på lån i Barnsley og Norwich City. På slutten av karrieren sin i 1996 byrja han som spelande trenar for Swansea City, men han fekk sparken i 1997. Han trente òg Kidderminster Harriers og Hull City, men han slutta som trenar i 2004.

Merittar

  • Engelsk seriemeister: med Liverpool i 1986, 1988 og 1990
  • Engelsk cupmeister: med Liverpool i 1986, 1989 og 1992
  • Nederlandsk seriemeister: 1982 med Ajax
  • Nederlandsk cupmeister: 1983 med Ajax
  • 33 landskampar for Danmark
  • Deltakar i EM i 1984 og VM i 1986:

Kjelder