Jaljulia

Jaljulia (hebraisk skrift גַ'לְג'וּלְיָה, arabisk skrift جلجولية), offisielt òg skrive Jaljulye,[3] er ein arabisk by i Israel nær Kfar Saba. I 2011 hadde han eit folketal på 9 000.[4]

Jaljulia
جلجولية, גַ'לְג'וּלְיָה, Jaljulye, Djaouliyeh[1]
lokal kommune
Inn i Jaljulia frå sør
Land Israel
DistriktSentral
Koordinatar32°09′13″N 34°57′06″E / 32.15353°N 34.9518°E / 32.15353; 34.9518
Areal1,9 km²
Folketal 8 500  (2009)[2]
Folketettleik4 474 / km²
Kart
Jaljulia
32°09′13″N 34°57′06″E / 32.153530555556°N 34.9518°E / 32.153530555556; 34.9518
Wikimedia Commons: Jaljulia

Historie

I romartida vart landsbyen kalla «Galgulis»,[5] og i krossfarartida vart han omtalt som «Jorgilia» i 1241.[6]

I 1265 veit ein at sultan Baibars gav like delar av landsbyen til tre av emirane sine. Ein av desse, emir Badr al-Din Baktash al-Fakri, tok delen sin av landsbyen med i ein waqf han grunnla.[7]

I 1596 vart Jaljulia ein del av Det osmanske riket, i Banu Sa´b nahiya under Nablus liwa, med eit folketal på 100 hushaldningar («khana»). Han betalte skattar av ei rekkje avlingar, inkludert kveite og bygg, i tillegg til «sommaravlingar», «enkelte inntekter», «geiter og bier», og ein marknadsskatt. Det var òg ein koppskatt for kristne og jødar i landsbyen.[8]

Seint på 1800-talet vart Jaljulia skildra som ein stor adobelandsby på sletta. Moskeen vart skildra som fin, men i ruinar. Eit karavanserai («khân») i ruinar vart òg nemnt. Landsbyen fekk vatn frå ein brunn på vestsida.[9]

Under Sinai- og Palestinafelttoget i fyrste verdskrigen låg landsbyen ved den osmanske frontlinja og vart øydelagd av britisk artilleri.[10]

I 1945 hadde landsbyen 740 innbyggjarar, all klassifiserte som arabarar. Dei eigde i alt 11 873 dekar land, medan 447 dekar var i offentleg eige. Jødar eigde 365 dekar land.[11]

Etter krigen i 1948 låg Jaljulia på den arabiske sida av våpenkvilelinja og landområdet vart konfiskert av Israel.[10] Det vart overført til Israel med våpenkvileavtalen i 1951, men mislukkast å få tilbake området som vart gjeven til nye israelske busetjingar.[10]

Landemerke

Moskeen som lokalt vert kalla Jami Abu´l-Awn, er knytt til den religiøse leiaren Shams al-Din Abu´l - Awn Muhammad al-Ghazzi på 1400-talet, som skal ha kome frå denne landsbyen.[12] Arkitekturen til moskeen er i følgje Petersen samsvarande med at han vart bygd på 1400-talet eller tidleg på 1500-talet.[13]

Mamlukk-khan i Jaljulia

Karavanseraiet eller khanen ligg på andre sida av vegen for moskeen. Khanen vart bygd av Sayf al-Din Tankiz, som var guvernør i Damaskus 1312-1340.[14] Han var framleis i drift på 1500-talet, då han vart nemnd i ein osmansk firman.[15] På 1800-talet vart han sett av Guérin, som skildra han som ein vakker khan med ein fleirkanta minaret som låg i ruinar.[16]

Sjå òg

  • Arabiske stader i Israel
  • Tawfik Khatib
  • Shadi Abu Dib

Kjelder

Bakgrunnsstoff