It's a Man's Man's Man's World
- Artikkel
- Diskusjon
It's a Man's Man's Man's World Singel av James Brown frå albumet It's a Man's Man's Man's World | ||
B-side | «Is It Yes or Is It No?» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1966 | |
Innspelt | 16. februar 1966, Talent Masters Studios, New York City | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:52 | |
Selskap | King 6035 | |
Komponist | James Brown | |
Tekstforfattar | James Brown, Betty Jean Newsome | |
Låtskrivar(ar) |
| |
Produsent | James Brown | |
James Brown-kronologi | ||
«Ain't That a Groove Part 1» (1966) | It's a Man's Man's Man's World | «Money Won't Change You» (1966)
|
«It's a Man's Man's Man's World» er ein song av James Brown og den dåverande kjærasten hans Betty Jean Newsome. Brown spelte inn songen 16. februar 1966 i eit studio i New York og gav han ut som singel seinare på året. Songen nådde toppen på Billboard R&B-lista og åttandeplassen på Billboard Hot 100.[1][2] Tittelen er eit ordspel på komedien It's a Mad, Mad, Mad, Mad World frå 1963.
Teksten er av Rolling Stone blitt skildra som «bibelsk sjåvinistisk»,[3] og tilskriv alt arbeidet i den moderne sivilisasjonen (bilen, toget, båten, med [[Noahs ark som døme, og elektrisk lys) til menn, men hevdar at «ingen av det tyder noko utan ei kvinne eller ei jente».[4] Songen seier òg at menn lagde leiketøy for babygutar og jenter, og at «menn tener pengar» frå andre menn.
«It's a Man's Man's Man's World» utvikla seg over ein periode på fleire år. Tammy Montgomery, betre kjend som Tammi Terrell, spelte inn «I Cried», ein song Brown skreiv basert på same akkordrekkje, i 1963. Brown sjølv spelte inn ein demoversjon av songen, som han kalla «It's a Man's World», i 1964. Denne versjonen kom seinare ut på samleplatene The CD of JB og Star Time.
Den utgjevne versjonen av «It's a Man's Man's Man's World» vart spelt inn raskt, på berre to forsøk, med eit studioband sett saman av turnébandet til Brown og ein strykeseksjon dirigert av Sammy Lowe. Eit kvinnekor var med på innspelinga, men partiet deira vart fjerna frå den endelege versjonen.[5]
«It's a Man's Man's Man's World» vart fast på konsertane til Brown resten av karrieren hans. Den langsame rytmen og pompøse vokalen gjorde at han kunne ha lange versjonar der han snakka om kjærleik og tap og stundom henta inn utdrag frå andre songar. Songen er med på nesten alle konsertalbuma til Brown frå 1967 og frametter. Brown spelte òg inn songen med storband i lag med Louie Bellson Orchestra for albumet Soul on Top frå 1970.
I 2004 vart «It's a Man's Man's Man's World» rangert på 124. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
Andre musikarar, inkludert trombone, bass og strykarar, er ukjende.
Musikken vart arrangert og dirigert av Sammy Lowe[6]
Liste (1966) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] | 14 |
Frankrike (SNEP)[8] | 49 |
US Billboard Hot 100[9] | 8 |
US R&B Singlar (Billboard)[10] | 1 |
UK Singles (Official Charts Company)[11] | 13 |
Songen har blitt spelt inn av mange andre artistar over åra:
Neneh Cherry gav ut ein svarsong kalla «Woman» på albumet Man i 1996 som svar til sjåvinismen i originalen.
Bandet Napalm Death gav ut songen «It's a M.A.N.S World!», som gjekk til åtak på og parodierte sjåvinismen i originalen. Denne kom ut i 1988 på albumet From Enslavement to Obliteration.
125: «Jumpin' Jack Flash» The Rolling Stones | Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 124 «It's a Man's Man's Man's World» James Brown | 123: «House of the Rising Sun» The Animals |