Ipswich Town

Ipswich Town Football Club er ein engelsk profesjonell fotballklubb frå Ipswich i Suffolk. Klubben skal i 2009/10-sesongen spela i Football League Championship, det 2. nivået i engelsk fotball, der dei har spelt sidan dei rykte ned frå Premier League i 2002. Klubben blei stifta i 1878 og blei vald inn i The Football League i 1938. Kallenamnet til klubben er "The Tractor Boys" - (Traktorgutane), og dei spelar heimekampane sine på Portman Road i Ipswich, som ligg om lag 13 mil nordaust for London. Eit av dei klassiske lokaloppgjera i engelsk fotball er kampane mellom Ipswich Town og klubben frå nabobyen, Norwich City.

Ipswich Town
Fullt namnIpswich Town
Football Club
KallenamnThe Tractor Boys (Traktorgutane)
Grunnlagd1878
HeimebanePortman Road,
Ipswich
(Kapasitet: 30 311)
StyreleiarDavid Sheepshanks
HovudtrenarRoy Keane
LigaFootball League Championship
2010/1113. plass
Nettstaditfc.co.uk
Heimedrakt
Bortedrakt

Historie

Tidleg historie

Klubben vart stifta som amatørklubb i 1878, under namnet Ipswich AFC. I 1888 slo dei seg saman med Ipswich Rugby Club og skifta namn til Ipswich Town. I 1936 vart klubben profesjonell og spelte i to sesongar i Southern League.I 1938 vart Ipswich vald inn i Fotballigaen, i 3. divisjon sør. Dei nådde 2. divisjon for første gong i 1954, og rykte for første gong opp i 1. divisjon i 1961. I den første sesongen i 1. divisjon, 1961/62, vart dei sensasjonelt seriemeistrar. Managageren frå 1955 til 1963, Alf Ramsey, slutta for å bli landslagstrenar for England. Etter to sesongar til i 1. divisjon rykte Ipswich ned att i 1964, men kom tilbake til 1. divisjon i 1968. Denne gongen klarde klubben å stabilisera seg på eit høgt nivå, og vart verande i 1. divisjon til 1986.

Glansdagane

Glansdagane til klubben kom i Bobby Robson si tid som manager, frå 1969 til 1982. Dei vart FA-cupmeistrar i 1978 og kom på 2. plass i serien i 1980/81 og 1981/82. Frå 1973/74-sesongen til 1982/83-sesongen kvalifiserte klubben seg til Europacup-spel kvar sesong utanom éin. Dei vann UEFA-cupen i 1981. Andre merkbare resultat frå Europacup-spel kom i 1973/74-sesongen då dei slo ut både Real Madrid og Lazio frå UEFA-cupen, og i 1979/80-sesongen då dei slo ut Skeid frå Oslo i 1. runde av UEFA-cupen. Etter at Robson forlet klubben for å ta over som landslagstrenar for England, vart klubben sine resultat raskt dårlegare, og i 1986 rykte dei ned i 2. divisjon.

Nyare tid

Ipswich Town rykte opp att til øvste nivå i 1992, i tide til å vera med i dei tre første sesongane av den nye Premier League, utan imponerande resultat, før dei rykte ned att på 2. nivå i 1995. Manageren George Burley fekk halda fram i jobben trass i nedrykket, og leia laget tilbake i Premier League i 2000, for siste gong så langt. Klubben klarde ein imponerande 5. plass i 2000/01-sesongen, men allereie neste sesong rykte dei ned att, og har spelt på 2. nivå (Division One/Football League Championship) sidan då. Den same sesongen som dei rykte ned frå Premier League kvalifiserte dei seg til Europacup-spel gjennom ein "Fair play"-plass, og spelte dermed i UEFA-cupen samstundes som dei spelte i nest høgaste divisjon heime, i 2002/03-sesongen. Manageren Burley vart erstatta av Joe Royle hausten 2002. Ipswich spelte playoff for opprykk til Premier League både i 2004 og 2005, men utan hell. Sommaren 2006 vart Royle erstatta som manager av spelaren Jim Magilton, som etter tre sesongar utan å ha fått klubben tilbake i Premier League mista jobben i april 2009. Den nye manageren vart Roy Keane.

Merittar

TROFETALÅR
Ligameister11961/62
FA-Cupen11978
UEFA-cupen11981
Texaco Cup11973
FA Youth-cup31973, 1975 og 2005
  • Nr. 2 i 1. divisjon: 1980/81 og 1981/82.
  • Vinnar av 2. divisjon: 1960/61, 1967/68 og 1991/92.
  • Vinnar av playoff-finale i 1. divisjon (gamle 2. divisjon): 1999/00.
  • Vinnar av 3. divisjon (sør): 1953/54 og 1956/57.
  • Beste resultat i FA Premier League: Nr. 5 i 2000/01.
  • Beste resultat i Ligacupen: Semifinale i 1982 og 1985.
  • Deltaking i serievinnarcupen (forløpar til Meisterligaen): 1962/63.
  • Deltaking i UEFA-cupen: 1973/74, 1974/75, 1975/76, 1977/78, 1979/80, 1981/82, 1982/83, 2001/02 og 2002/03.

Spelarstall 2010/11-sesongen

Engelske landslagsspelarar

Sidan 1878 har Ipswich hatt 12 engelske landslagsspelarar. Dei har spelt 156 kampar, og skåra 22 mål for England i desse kampane. I 145 av kampane har spelaren frå Ipswich vore med frå start, og åtte gonger har det engelske landslaget hatt ein kaptein som representerte Ipswich på klubbnivå.

Nr.LandslagsspelarNamnKamparFrå startInnbytarKapteinMålTidsrom
1Nr. 801Raymond Crawford2200122/11·1961 - 04/04·1962
2Nr. 882Mick Mills424028011/10·1972 - 05/07·1982
3Nr. 905Kevin Beattie9720116/04·1975 - 12/10·1977
4Nr. 907Colin Viljoen2200017/05·1975 - 21/05·1975
5Nr. 908David Edward Johnson3300321/05·1975 - 03/09·1975
6Nr. 928Paul Mariner3328501430/03·1977 - 16/11·1983
7Nr. 929Brian Talbot5410028/05·1977 - 15/06·1977
8Nr. 931Trevor Wymark1010012/10·1977 - 12/10·1977
9Nr. 944Russell Osman111100031/05·1980 - 21/09·1983
10Nr. 945Terry Butcher454500331/05·1980 - 22/06·1986
11Nr. 949Eric Gates2200010/09·1980 - 15/10·1980
12Nr. 1101Richard Wright1100003/06·2000 - 03/06·2000

Managerar

ManagerPeriodeKamparVunneUavgjortTapt
 EnglandMick O'Brien01/08·1936 - 01/11·19372101
 SkottlandScott Duncan01/11·1937 - 01/08·1955477191107179
 EnglandAlf Ramsey01/08·1955 - 01/04·196336317274117
 EnglandJackie Milburn01/04·1963 - 30/09·196467161536
 EnglandBill McGarry01/10·1964 - 01/11·1968181765847
 EnglandBobby Robson01/01·1969 - 07/07·1982617267153197
 EnglandBobby Ferguson08/07·1982 - 20/05·1987240866193
 SkottlandJohn Duncan16/06·1987 - 08/05·1990150652956
 EnglandJohn Lyall10/05·1990 - 05/12·1994124474532
 SkottlandGeorge Burley28/12·1994 - 11/10·200240918597127
 EnglandJoe Royle28/10·2002 - 11/05·2006189814860
 Nord-IrlandJim Magilton05/06·2006 - 22/04·2009143553949
 IrlandRoy Keane23/04·2009 -

Kjelder

  • Rollin, Jack (1998): ROTHMANS BOOK OF FOOTBALL RECORDS.
    Headline Book Publishing, London. ISBN 0-7472-1954-0
  • Rollin, Glenda & Rollin, Jack (2006): SKYSPORTS FOOTBALL YEARBOOK 2006-07.
    Headline Book Publishing, London. ISBN 0-7553-1526-X

Bakgrunnsstoff