Invergordon

Invergordon er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 4000 innbyggjarar og ligg ved Cromarty Firth, som er ein sidearm av Moray Firth på den skotske nordaustkysten.

Invergordon

skotsk-gæliskInbhir Ghòrdain eller An Rubha
Plassering
Invergordon is located in
Styresmakter
Land Storbritannia
Konstituerande land Skottland
RegionHighland
Tradisjonelt grevskapRoss and Cromarty
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

3 890
Koordinatar 57°41′N 4°9′W / 57.683°N 4.150°W / 57.683; -4.150
Diverse annan informasjon
PostnummerIV18
Telefon-retningsnummer0 1349
Commons har multimedium som gjeld: Invergordon
HMS «Natal» eksploderte i Invergordon hamn i 1915
Oljerigg på Cromarty Firth sett frå Invergordon

Invergordon var tidlegare kjent som Inverbreakie, Invergordon stammar frå William Gordon som kjøpte eigedomen med Invergordon Castle på byrjinga av 1700-talet.[1]

Invergordon har vore nytta som hamn av Royal Navy sidan 1800-talet, og frå byrjinga av 1900-talet vart det ein offisiell marinebase. I 1915 eksploderte kryssaren HMS «Natal» som låg for anker i Invergordon, over 300 menneske omkom. I 1931 gjennomførte sjømenn på engelske krigsskip ein protestaksjon mot planlagde lønnskutt som, trass i at det ikkje vart eit fullskala mytteri, vart kjent som Invergordonmytteriet (The Invergordon mutiny). Invergordon vart oppgjeve som base av Royal Navy under andre verdskrigen sidan byen låg innan rekkjevidd av tyske fly frå basar på det europeiske fastlandet.

Frå byrjinga av 1970-talet vart oljeindustri viktig for Invergordon, og eit verft for bygging og reparasjon av oljeriggar vart opna i Nigg like ved. Verftet er enno i drift.

Den djupe hamna i Invergordon gjer at byen årleg blir vitja av fleire cruiseskip med turistar som vitjar Dei skotske høglanda.

Kjelder