Interventrikulær septum

Interventrikulær septum (IVS) eller ventrikkelseptum, i utviklinga kjent som septum inferius, er ein skiljevegg mellom dei nedre hjartekammera (ventriklane) i hjarta.[1]

Tverrsnitt av hjarta med ventrikkelseptum i midten
Innsida av den dorsale hjartehalvdelen i eit 35 dagar gamalt menneskefoster

Ventrikkelseptum går skrått bakover mot høgre, og er kurva med konveksiteten retta mot høgre hjartekammer.

Struktur

  • Storparten av skiljeveggen er tjukk og muskulær, og utgjer muskulær septum (septum musculare ventriculorum).[1][2]
  • Den øvre og bakre delen er ikkje-muskulær og skil vestibulum aortae frå den nedre delen av høgre framkammer og den øvre delen av høgre hjartekammer. Denne delen er tynn, fibrøs og oval eller rund, og blir kalla membranøs septum (septum membranaceum ventriculorum).[1][3]

Blodforsyning

Blodforsyninga til ventrikkelseptum kjem i hovudsak frå to viktige arteriar. Den første er den fremre interventrikulære forgreininga av venstre koronararterie, som går bak lungepulsåra og mellom venstre framkammer til sulcus interventricularis anterior, der den går nedover mot incisura apicis cordis.[4] Den andre er den bakre interventrikulære forgreininga av venstre koronararterie, som går langs sulcus interventricularis posterior til hjartespissen der den møter den fremre interventrikulære forgreininga.[4]

Klinisk relevans

Kjelder

Denne anatomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.