Inishmaan

Inishmaan (irsk: Inis Meadhóin / Inis Meáin «Mellomøya» eller «Den midterste øya») er øy i Galway Bay på vestkysten av Irland og den midterste av dei tre Aranøyane. Ho har om lag 200 innbyggjarar og er rolegare utan så mange turistar som dei to naboøyane Inishmore og Inisheer. Ho er derimot ein av dei viktigaste stadane for tradisjonell irsk kultur, og øybuarane har mellom anna irsk som morsmål. Øya høyrer til County Galway i provinsen Connacht vest for Irland.

Inishmaan
Lokalt namn Inis Meadhóin/Inis Meáin
Dún Conchuir (Conor sitt fort) på Inishmaan
Dún Conchuir (Conor sitt fort) på Inishmaan
Geografi
StadGalway Bay
Koordinatar53°05′N 9°35′W / 53.083°N 9.583°W / 53.083; -9.583
ØygruppeAranøyane

Administrasjon
LandIrland
GrevskapGalway

Demografi
Folketal200

Landemerker

Synge si hytte

Dún Conchuir (Conor's Fort)

Eit svært gamalt ovalt steinfort frå førkristen tid med flott utsyn over resten av øya og havet.

Dún Fearbhaí

Steinfortet frå 300-talet er uvanleg fordi det er nesten rektangulært, og ikkje sirkulært som dei andre forta på øya.

Teach Synge (Synge si hytte)

Huset der John Millington Synge var på øya kvar sommar frå 1898 til 1902, med Bríd og Páidín Mac Donnchadha som vertskap. Det var her han fekk inspirasjon for skodespela The Playboy of the Western World (Helten på den grøne øya), Riders to the Sea (Ryttarar ved havet), og mange andre verk frå historier han høyrte på øya. Huset han budde i gjekk i arv i Mac Donnchadha-familien fram til 1970-åra då det forfall kraftig. Det har i seinare tid vorte restaurert til si opphavlege form og har vore open for publikum sidan august 1999.

Cathaoir Synge (Synge sin stol)

Dette var forfattaren sin favorittstad på øya, der ein kan sjå over Inis Mór og Atlanterhavet.

Clochan na Carraige

Clochan na Carraige er ei bikubehytte. Strukturen er uvanleg fordi utsida er sirkulær, medan innsida er rektangulær.

Litteratur

Kjelde