Industridepartementet
Industridepartementet er eit tidlegare norsk departement som vart oppretta med verknad frå 6. desember 1947 med Lars Evensen som den første statsråden. Departementet vart omorganisert til Næringsdepartementet med verknad frå 1. januar 1988.
Historie
Departementet har hatt ulike namn gjennom tidene, og er ein etterfølgjar etter Departementet for det Indre (2. og 4. departement frå 1814). Saksområda som var i industridepartementet har vore plassert i ulike departement:
- 1903–05: Departementet for utenrikske saker, handel, sjøfart og industri eller Handelsdepartementet
- 1905–13: Departementet for handel, sjøfart og industri eller Handelsdepartementet
- 1913–1916: Departementet for sosiale saker, handel, industri og fiskeri eller Sosialdepartementet
- 1. oktober 1916 - 30. juni 1946: Departementet for handel, sjøfart, industri, håndverk og fiskeri eller Handelsdepartementet
- 1917–1920: Industriforsyningsdepartementet
- 1942–1945: Skipsfartsdepartementet
- 1. juli 1946 - 6. desember 1947: Departementet for handel, sjøfart og industri eller Handelsdepartementet
- 6. desember 1947 - 31. desember 1954: Departementet for Industri, håndverk og skipsfart eller Industridepartementet
- 1. januar 1955 - 31. desember 1987: Departementet for industri og håndverk eller Industridepartementet
11. januar 1978 vart Olje- og energidepartementet skilt ut frå Industridepartementet.
Sjå også
Kjelde
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom