Immigrant Song

Immigrant Song
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin III
B-side

«Hey Hey What Can I Do»

Språkengelsk
Utgjeve5. november 1970
InnspeltMai–august 1970
SjangerHardrock, heavy metal
Lengd2:25
SelskapAtlantic
TekstforfattarJimmy Page
Låtskrivar(ar)Jimmy Page, Robert Plant
ProdusentJimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
«Whole Lotta Love» / «Living Loving Maid (She's Just a Woman)»
(1969)
Immigrant Song«Black Dog» / «Misty Mountain Hop»
(1971)


«Immigrant Song» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han vart gjeven ut som singel frå det tredje albumet deira , Led Zeppelin III, i 1970.

Oversyn

Songen har eit særeige, hylande rop frå vokalist Robert Plant i byrjinga av songen, og er bygd kring eit repeterande, staccato riff av Jimmy Page/John Paul Jones/John Bonham i fiss.

«Immigrant Song» vart skriven under ein turne på Island, Bath og Tyskland sommaren 1970. Bandet spelte ein konsert i Reykjavík i Island, som inspirerte Plant til å skrive songen. Han forklarte:

«Me var ikkje pompøse ... Me kom ikkje frå landet av is og snø. Me var gjester hos den islandske regjeringa på eit kulturelt opppdrag. Me vart inviterte til å spele ein konsert i Reykjavik og dagen før me kom vart det ein stor streik og konserten heldt på å bli kansellert. Universitet førebudde ein konserthall for oss og det vart glimrande. Responsen frå ungdomen var fantastisk og me hadde det verkeleg kjekt. «Immigrant Song» var om denne reisa og det var opningsporet på albumet som var meint å vere heilt annleis.[1]»

Berre seks daga etter Led Zeppelin spelte i Reykjavik, framførte bandet songen for første gong under Bath-festivalen.[2]

Songen er skriven frå perspektivet til vikingane som rodde vestover frå Skandinavia på leit etter nytt land. Teksten referer til erobringane til vikingane og den norrøne religionen (Fight the horde, sing and cry, Valhalla, I am coming!).

«Immigrant Song» er ein av få Led Zeppelin-singlar, og kom ut i november 1970, mot ønsket til bandet. Han nådde 16. plass på Billboard-lista.[3] B-sida «Hey Hey What Can I Do» vart berre gjeven ut på denne singelen fram til plateboksen deira i 1990. Singelen vart òg feilaktig gjeven ut i Japan med «Out on the Tiles» som B-side.

Ein av tekstlinjene i songen skulle seinare skildra stilen til bandet: The hammer of the gods/will drive our ships to new lands. «Hammer of the Gods» vart nytta som tittel på den kjende biografien til bandet av Stephen Davis, Hammer of the Gods: The Led Zeppelin Saga. Teksten gjorde òg mykje for å inspirere den klassiske heavy metal-myta med viking-aktige figurar på eventyr, tema som vart nytta av band frå Iron Maiden til Manowar.

«Immigrant Song» vart nytta som opningssong på konsertane til Led Zeppelin frå 1970 til 1972. I 1973 vart songen stundom spela som ekstranummer, og sidan vart han ikkje spelt meir.[3] Konsertversjonar av songen finst på albuma How the West Was Won (frå Long Beach Arena i 1972) og Led Zeppelin BBC Sessions (frå Paris Theatre i London i 1971).

Medverkande

Andre versjonar

  • 1986: Queen (Magic Tour)
  • 1987: Minimal Compact (The Figure One Cuts)
  • 1988: Great White (Recovery: Live!)
  • 1988: Royal Crescent Mob (Something New, Old, and Borrowed)
  • 1988: 7 Come 11 (Hammond Orgel Trio)
  • 1989: Dark Angel (Leave Scars)
  • 1989: Headface (The Song Retains the Name)
  • 1990: Dread Zeppelin (Un-Led-Ed)
  • 1993: Infectious Grooves (Sarsippius' Ark)
  • 1994: Nirvana (With the Lights Out [konsert 1988])
  • 1995: Michael White & The White (Plays the Music of Led Zeppelin)
  • 1997: Informatik (Direct Memory Access v2.0)
  • 1997: Blue Shift (Not the Future I Ordered)
  • 1997: Mike Keneally (Half Alive in Hollywood)
  • 1998: Paper Parrot (Before the Balloon Went Up)
  • 1998: Rick Brannon (Guitar Freak)www.gitarfreak.com
  • 1999: Coalesce (There Is Nothing New Under the Sun EP)
  • 1999: Steve Whiteman (A Tribute to Led Zeppelin: The Song Remains Remixed)
  • 2001: Sebastian Bach (Bach 2: Basics)
  • 2001: Adagio (Sanctus Ignis)
  • 2002: Red Flag (Fear Series box-set)
  • 2002: Consortium Project (The Music Remains the Same: A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2002: All the Queen's Men (Curvy Baby)
  • 2002: Issa (The Electronic Tribute to Led Zeppelin)

  • 2002: Stereofeed (The String Quratet Tribute to Led Zeppelin)
  • 2003: Triprocket (Thrills and Chills)
  • 2004: Tomoyasu Hotei (Electric Samurai (The Noble Savage))
  • 2004: Tracy G (Deviating from the List)
  • 2005: Iron Horse (Whole Lotta Bluegrass: A Bluegrass Tribute to Led Zeppelin)
  • 2005: Cyro Baptista (Love the Donkey)
  • 2005: Demons & Wizards ("Touched by the Crimson King")
  • 2005: Greg Rapaport (Led Zeppelin Salute: Get the Led Out!)
  • 2005: Led Zepagain (A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2006: Gotthard (Made In Switzerland)
  • 2006: Zepparella (Live at 19 Broadway [2005])
  • 2006: The Rockies (The Music of Led Zeppelin)
  • 2006: Studio 99 (Led Zeppelin: A Tribute)
  • 2007: Vanilla Fudge (Out Through the in Door)
  • 2007: Ann Wilson (Hope & Glory)
  • 2007: Frankie Banali & Friends (24/7/365: The Tribute to Led Zeppelin)
  • 2007: Julian Beeston (The Many Faces of Led Zeppelin [remix])
  • 2007: Macdonald Duck Eclair (Our Favourite Shops: Roots of KOGA Melody)
  • 2007: The Sword (12" Split with Witchcraft)
  • 2008: Manny Charlton (Led Box: The Ultimate Led Zeppelin Tribute)
  • 2008: Strikeforce (Misty Mountain Hop: A Millennium Tribute to Led Zeppelin)
  • 2008: Black Stone Cherry (Played live on select dates of their December UK Tour)
  • 2008: Pendulum (BBC Radio 1 Mash Up and DJ set mixes)
  • 2009: Hollywood Undead (på CD/DVD-albumet Desperate Measures)
  • 2009: Sepultura & Angra (konsert)
  • 2010: Bruno (på demoalbumet Plagiarized: EP)
  • 2010: Threads of Scarlet (konsert)
  • 2011: Stryper (The Covering)

Kjelder

Bakgrunnsstoff