I Saw the Light av Hank Williams

I Saw the Light
Singel av Hank Williams
B-side

Six More Miles (To the Graveyard)

UtgjeveSeptember 1948
Innspelt21. april 1947
SjangerCountry, gospel
Lengd2:45
SelskapMGM
Låtskrivar(ar)Hank Williams
ProdusentFred Rose
Hank Williams-kronologi 
«I'm a Long Gone Daddy»
(1948)
I Saw the Light«A Mansion on the Hill»
(1948)


«I Saw the Light» er ein countrygospelsong skriven av Hank Williams. Williams var inspirert til å skrive songen då han kom heim frå ein konsert og ein kommentar mora kom med då dei var på veg inn i Montgomery i Alabama. Han spelte inn songen under den første innspelinga si for MGM Records, og han kom ut på singel i september 1948. Versjonen til Williams fekk ikkje så stor suksess då han først kom ut, men vart etter kvart ein av dei mest populære songane hans og avslutningsnummeret på konsertane hans. Songen vart kort tid etter spelt av andre artistar og har blitt ein countrygospel-standard.

I september 1946 prøvespelte Hank Williams for Grand Ole Opry i Nashville, men vart avvist. Etter den mislykka prøvespeleinga prøvde han og kona Audrey å fange interessa til det nye musikkforlaget Acuff-Rose Music. Williams og kona møtte Fred Rose, som signerte ein kontrakt med han for seks songar, og klarte å skaffe han ein avtale med Sterling Records.[1] I desember 1946 hadde Williams den første innspelinga si. Songane «Never Again» og «Honky Tonkin'» vart ein suksess og Williams fanga merksemda til MGM Records.[2] Den første innspelinga hans for MGM fann stad 21. april 1947. Den første songen han spelte inn var «Move It on Over». Den andre var «I Saw the Light».

Komposisjon

Williams var inspirert til å skrive songen i januar 1947 då han var på veg heim frå ein konsert i Fort Deposit i Alabama. Mora hans, Lilly, køyrde han og bandet attende til Montgomery den kvelden. Då ho nærma seg byen såg ho lysa på Dannelly Field Airport. Williams som var full og sov i baksetet, vakna av mora, som sa «eg såg berre lyset» og at dei nærma seg Montgomery. Han skreiv det første utkastet den 26. januar 1947.[3] Teksten og melodien av Williams minner mykje om Albert E. Brumley sin «He Set Me Free», som vart publisert i 1939 og gjeven ut i mars 1941 av The Chuck Wagon Gang.[4] Bibelverset som vert nytta, inneheld evangelia til Matteus og Johannes,[5] i tillegg til utdrag frå Paulus’ første brev til tessalonikarane og Johannes’ openberring.[6] Biografiforfattaren til Williams, Colin Escott, skreiv at sjølv om melodien og til og med noko av teksten minner om den tidlegare Brumley-songen, var ikkje «'I Saw the Light' berre 'He Set Me Free' med ny tekst. Det var bøna til dei fråfalne, som lever i håp om frelse.»[7]

Innspeling og utgjeving

Williams spelte inn songen under den første innspelinga si med MGM Records den 21. april 1947. Han vart akkompagnert av delar av bandet til Red Foley med Zeke og Zeb Turner (gitar), Brownie Raynolds (bass), Tommy Jackson (fele) og Smokey Lohman (steelgitar).[8] Williams spelte òg inn ein versjon av songen under ei seinare innspeling med kona, som han sende til Rose den 19. august. I det tilhøyrande brevet oppfordra han produsenten til å ikkje gje ut innspelinga.[9] Audrey hadde inga kjensle for kor dårleg ho song som vokalist, og duettane hennar med Hank var som ei forlenging av ekteskapet deira, der ho kjempa mot han om søkjelyset.[7]

Sjølv om ein heldt innspelinga til Williams, vart den første utgåva av songen gjeven ut av Clyde Grubb, som spelte inn songen 13. august 1947.[3] Utgåva til Grubb kom ut på RCA Records (RCA 20-2485) i oktober 1947 med «When God» som B-side, akkompagnert av Tennessee Valley Boys.[10] Williams-utgåva kom ut i september 1948, og opphavsretten vart sidan registrert 16. november.[11] Han kom ut med «Six More Miles (To the Graveyard)» som B-side på MGM Records (MGM 10271).[12] Boys' Life likte plata og sa: «Det er ein typisk klagesong av Hank Williams, som dykk western og hillbilly-fans vil ete opp».[13] Hank Williams spelte første gongen på Kate Smith Evening Hour den 26. mars 1952, og fekk med seg resten av deltakarane på «I Saw The Light.»

Ettermæle

«I Saw the Light» vart ikkje ein salssuksess då han kom ut, men har sidan blitt ein av dei mest kjende og populære songane hans.[14] Songen vart ein standard både innan country og gospel, og har blitt spelt av eit utal artistar innan dei to sjangrane og andre sjangrar. Allmusic kalla songen ein av «dei beste songane til Williamsom den sterke religiøse overtydinga hans».[15] Songen vart rangert øvst på lista til Country Music Television over dei 20 beste songane om tru i 2005.[16] Den biografiske filmen om Williams frå 2015, med Tom Hiddleston i rolla, vart kalla opp etter songen.[17]

Andre versjonar

  • Roy Acuff spelte inn songen 11. november 1947. Singelen kom ut på Columbia Records (#38109) i februar 1948 med «Thank God» på andre sida.[18] Under gravferda til Williams i 1953, leia Acuff synginga av songen, medan han fekk med seg artistar som Red Foley, Webb Pierce, Carl Smith og Bill Monroe blant andre på refrenget.[12]
  • Bill Monroe spelte inn songen i 1958, og gav han ut som tittelsporet på det første gospelalbumet hans same året.[19]
  • Pianisten Floyd Cramer spelte inn ein instrumental versjon i 1962.
  • Helten til Williams, Ernest Tubb, spelte inn songen i 1963 for Decca.
  • Nitty Gritty Dirt Band spelte inn songen i samarbeid med Roy Acuff i 1971 for albumet Will the Circle Be Unbroken.[20] Dette samarbeidet nådde 56. plassen på Billboard's Top Country Singles.[21]
  • Bonnie Owens spelte inn songen for Capitol i 1970.
  • Songen kom ut på debutalbumet til Emmylou Harris i 1969.
  • Merle Haggard tok med songen i 1971 på albumet hans The Land of Many Churches.[22]
  • I 1972 spelte Earl Scruggs songen på albumet sitt I Saw the Light with Some Help from My Friends.[23]
  • Pat Boone spelte inn songen for MGM i 1972.
  • I 1972 spelte Chet Atkins og Jerry Reed ein versjon med fingerstilgitar for samarbeidsalbumet deira, «Me & Chet».
  • I 1973 spelte Tompall Glaser ein versjon for albumet Charlie.[24]
  • Det Chicago-baserte countrybandet Mason Proffit gav ut ein coverversjon i 1973.[25]
  • Willie Nelson og Leon Russell gav ut songen som ein duett i 1977. Nelson har òg sunge songen som ein duett i 1977. Nelson avslutta konsertane sine i nyare år med songen.
  • Boxcar Willie gav ut songen i 1980.
  • Johnny Cash, Carl Perkins og Jerry Lee Lewis spelte inn songen for Columbo-episoden «Swan Song» i 1974.
  • The The spelte inn songen i 1994 for hyllestalbumet deira Hanky Panky. Det vart laga ein musikkvideo for songen nær toppen av Chryslerbygningen.
  • Crystal Gayle inkluderte songen i 1995 på albumet Someday.[26]
  • Det amerikanske støyrockbandet Killdozer gav ut songen som B-side til singelen «Go Big Red» i 1996.
  • Aaron Neville spelte inn songen i 2003 på albumet hans Believe.
  • David Crowder spelte inn songen i 2005 for albumet A Collision, med eit ekstra vers av Johnny Cash.
  • Derek Ryan, ein irsk countrysongar, spelte inn songen i 2010 for albumet A Mother's Son.
  • Jamey Johnson framførte songen på Farm Aid 25 den 2. oktober 2010.
  • Josh Turner spelte inn songen i 2018 for albumet I Serve a Savior.

Kjelder