iPhone 7

iPhone 7 og iPhone 7 Plus er smarttelefonar designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Dei utgjer den tiande generasjonen iPhone-telefonar og vart annonserte 7. september 2016, i Bill Graham Civic Auditorium in San Francisco av administrerande direktør Tim Cook, og utgjevne i utvalde land den 16. september 2016, som etterfølgjarar til iPhone 6S og iPhone 6S Plus. Apple heldt fram med å lansere telefonen i andre land verda over ut september og oktober 2016. Telefonane vart etterfølgde av iPhone 8 og iPhone 8 Plus den 22. september 2017.

iPhone 7
iPhone 7 Plus

iPhone 7 i fargen «Jet Black»
ProdusentApple
OperativsystemiOS
Minne7: 2 GB LPDDR4 RAM
7 Plus: 3 GB LPDDR4 RAM
Lagring32, 128 eller 256 GB
Batteri7: 3,80 V 7,45 W·h
(1960 mA·h) Li-ion
7 Plus: 3,82 V 11,10 W·h
(2900 mA·h) Li-ion
Storleik7:
Høgd: 138,3 mm
Breidd: 67,1 mm
Djupn: 7,1 mm
7 Plus
Høgd: 158,2 mm
Breidd: 77,9 mm
Djupn: 7,3 mm
Vekt7: 138 g
7 Plus: 188 g

iPhone 7 har ein liknande design som iPhone 6S og iPhone 6. Ytre endringar som vart introduserte var nye fargevariantar, motstand mot vatn og støv, ein ny kapasitiv og statisk «heim»-knapp, reviderte antenneband og fjerning av 3,5 mm-jackpluggen. Den interne maskinvaren fekk oppgraderingar som ny prosessor, oppgradert kamera og ei ekstra linse eksklusivt for iPhone 7 Plus for betre optiske zoomefunksjonar.

Telefonane fekk blanda mottaking. Fjerninga av utgangen for øyrepluggar og hovudtelefonar var kontroversiell, og nokre kritikarar meinte at endringa var gjort for å fremje lisensiering av den proprietære Lightning-utgangen og sal av Apple sine eigne trådlause høyretelefonar.[1][2] Apple var òg håna av kritikarar for utsegna til Phil Schiller om at ei slik drastisk endring «kravde mot».[3]

Kjelder

Bakgrunnsstoff