Howth

Howth (/ˈhoʊθ/ HOATH; irsk: Binn Éadair, er ein landsby og nordleg forstad til Dublin, Irland. Det er vanleg å rekna medat det engelskspråklege namnet kjem frå norrønt hǫfuð (hovud), noko som og er sannsynleggjort av at vikingane gjekk i land og etablerte seg i dette området. Dersom ein ser på eit lokalt kart [1] vil ein og sjå at den halvøya som landsbyen ligg på stikk ut i irskesjøen og kan tolkast som eit hovud med andletet vendt mot Storbritannia.

Howth
by
Land Irland
RegionDublin
FylkeCounty Fingal
ProvinsLeinster
Folketal 8 706 (2002)
Kart
Howth
53°23′06″N 6°03′33″W / 53.3851°N 6.0591°W / 53.3851; -6.0591
Wikimedia Commons: Howth
Panoramabilete av hamna i Howth i 2011.

Distriktet Howth utgjer størstedelen av halvøya Howth Head, og er den nordlege avgrensinga av Dublin-bukta. Historisk har Howth vore ein landleg fiskarlandsby, men har vorte forma om til ein relativt velståande forstad, med butikkar, kioskar, pubar, restaurantar, golfbanar og ein av dei to nordlege endehaldeplassane for Dublin Area Rapid Transit (DART). Den andre nordlege endehaldeplassen er Malahide. Dette lokaltogsystemet bind saman kysten sør og nord for Dublin sentrum.Like utanfor landsbyen ligg og eit av dei eldste bygga i Irland som framleis er i bruk, Howth Castle.

Plassering og kommunikasjonar

Howth stasjon, Dublin Area Rapid Transport.

Halvøya Howth Head "startar" 13 kilometer aust-nord-aust for Dublin sentrum, på nordsida av Dublinbukta, og landbyen Howth ligg 15 kilometer frå sentrum. Sjølv om Howth er å rekna som ein forstad til Dublin ligg det i grevskapet Fingal, som kjem av irsk Fine Gall, "framand stamme". Ytst på halvøya, er landsbyen Howth endepunktet regionalveg 105 (R105), men det går veg rundt halvøya.

Ein kjem seg frå Dublin sentrum til Howth med lokaltog (Dublin Area Rapid Transport) eller med buss. Dersom ein er i sentrum og på sørsida av elva Liffey kan ein ta lokaltoget frå Pearse Station. Er ein i sentrum på nordsida av elva, tek ein lokaltoget frå Connolly Station. På vegen har toget haldeplassen Clontarf Road, nær staden slaget ved Clontarf stod påska 1014. Dette var slaget som markerte starten på slutten for vikingstyre i Irland. Ein kan og ta ulike variantar av bussrute 31 til Howth frå ein haldeplass ikkje langt unna Connolly station.

Howth er ei stor fiskarhamn, og har fleire gode fiskerestaurantar. Like nord for landbyen ligg deN folketome øya Ireland's Eye og Lambey Island (direkte omsett Lamøy-øya). På den siste finst ei kystvakthamn, nokre bygg og ein tennisbane.

Historie

Etter av Brian Ború vann slaget ved Clontarf i 1014, flykta vikingane til Howth for å omgruppera seg og hadde tilhald der til dei leid nederlag og normannarane overtok i 1177. Howth var eit baroni frå 1181, og vart seinare eit jarledøme. Frå 1500-talet, om ikkje noko tidlegare, var Howth ei mindre handelshamn. Frå tidleg 1800-tal var Howthhamn for postskip, posthamna vart seinare flytta til Dún Laoghaire, sør for Dublin.

Under fyrste verdskrigen, 26. juli 1914 vart 1500 Mauser M1871-riflar smugla i land av Erskine Childers og hans folk, frå båten Asgard, oppkalla etter den store gudeborga Åsgard i norrøn mytologi. Våpna var til bruk for Irish Volunteers, og mange av dei vart nytta i påskeopprøret i 1916 (Dublin) og i den påfylgjande anglo-irske frigjeringskrigen (1919-1921).[2]

Hamna vart mykje ombygd mot slutten av 1900-talet, med åtskilde område for fiskebåtar og fritidsbåtar. Howth Castle vart selt i 2019.

Turisme og friluftsliv

Både landsbyen og halvøya Howth er populære mål for turisme og friluftsliv. Det er populært både blant turistar og fastbuande å gå turar på piren og langs pub- og restaurantrekkjene på godversdagar. Fiskerestaurantane er særleg populære, og området er populært for turgåarar, joggarar, syklistar, fuglekikkarar og fiskarar.

Kjende innbyggjarar

Ei rad kjende personar er fødde eller har budd i Howth og på Howth-halvøya.

  • Komponisten Brian Boydell, fødd i Howth i 1917
  • Den irske fjernsynskjendisen Gay Byrne og kona hans, musikaren og forfattaren Kathleen Watkins
  • Forfattaren Michael Feeney Callan
  • Historikaren, forfattaren, forlagsmannen og målaktivisten Pádraig Ó Snodaigh
  • Skulptøren og forfattaren Cliodhna Cussen
  • Skodespelaren og filmprodusenten Brendan Gleeson
  • Manchester United og den irske landslags-spelaren (fotball) Kevin Grogan
  • Tidlegare president i Irland og parlamentsrepresentant Patrick Hillery
  • Songaren og grand prix-vinnaren Johnny Logan og faren hans, tenoren Patrick O'Hagan
  • Phil Lynott frå rockebandet Thin Lizzy
  • Ekteparet John McColgan og Moya Doherty, «grunnleggjarane» av Riverdance
  • Musikaren Barney McKenna i The Dubliners
  • Larry Mullen, trommespelar i rockegruppa U-2
  • Politikaren og forfattaren Conor Cruise O'Brien og kona, forfattaren Máire Mhac an tSaoi
  • Skulptøren Patrick O'Reilly
  • Musikaren Dolores O'Riordan frå The Cranberries.
  • Skodespelaren Saoirse Ronan
  • Musikaren John Sheahan frå The Dubliners.
  • Skodespelaren Stuart Townsend
  • (Den kanadiske) journalisten og forfattaren Scott Young, far til musikaren Neil Young.
  • Nobelprisvinnaren i litteratur William Butler Yeats

Kjelder