Hova

Hova er ein svensk tettstad i Gullspångs kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 1 375 innbyggjarar. Hova ligg cirka 30 kilometer nordaust for Mariestad og 20 kilometer nord for Töreboda. I praksis er staden centralort for kommunen, sidan dei fleste administrative funksjonane finst her. Men ein unngår å bruke omgrepet og omtalar Hova som ein av to viktige tettstader i kommunen. Det andre tettstaden er Gullspång.

Hova
Land Sverige
FylkeVästra Götalands län
KommuneGullspångs kommun
Areal197 km²
Folketal 1 272 (31. desember 2020)
Kart
Hova
58°50′58″N 14°12′33″E / 58.849317410924°N 14.209161459944°E / 58.849317410924; 14.209161459944
Wikimedia Commons: Hova

E20 går gjennom Hova, som òg har ein jernbanestasjon på Kinnekullebanan. Den kjende manageren for ABBA, Stikkan Anderson er frå Hova.

Historie

Slaget ved Hova er ei viktig historisk hending i Sverige. 14. juni 1275 sigra Magnus Ladulås og bror hans Erik, dåverande konge Valdemar Birgersson med hjelp av danske leigesoldater. Magnus Ladulås blei så konge i perioden frå 1275 til 1290. Hendinga vert markert med ei veke lang festival i Hova kvart år, den såkalla riddarveka.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

58°51′N 14°13′E / 58.850°N 14.217°E / 58.850; 14.217