Hotel Alexandra

61°52′23″N 6°50′39″E / 61.87306°N 6.84417°E / 61.87306; 6.84417

Hotel Alexandra på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl

Hotel Alexandra er eit fullservicehotell i bygda Loen i Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke. Hotellet vart opna av hotellmannen Anders Markusson Loen under namnet Loen's Hotell i 1884, men har sidan 1892 vore i kontinuerleg drift under namnet Hotel Alexandra. Hotellet er oppkalla etter prinsesse Alexandra av Danmark, mor til dronning Maud.

Hotel Alexandra, frå 1884 og fram til i dag

Hotellet har gjennomgått fleire små og store utbyggingar og endringar opp gjennom åra, men framstår i dag som eit moderne familie- og turist- og konferansehotell. Hotel Alexandra er eit av dei største hotella i Noreg, uansett om du reknar etter omsetning, gjestedøgn eller tal tilsette.[treng kjelde]

Hotel Alexandra mellom 1890 og 1900, fotokrom frå Library of Congress

Hotellet er ein del av eit konsern som også eig nabohotellet Hotel Loenfjord like ved. Det er i dag fjerde og femte generasjon av same familie som leier drifta. Drifta har forøvrig vore heilårsbasert sidan 1974.Pr. juni 2009 har Hotel Alexandra 189 hotellrom, fire restaurantar, to barar, nattklubb/diskotek, eigen vinkjellar og eit bad- og spaanlegg som kosta over 60 millionar kroner å byggje.

Richard Grov er administrerande direktør i konsernet. Han har før dette vore hotelldirektør ved Hotel Alexandra sidan 1996. Han er son av Eivind Grov som var adm. dir frå 1965 til han trappa ned i 2010.


I 2007 vart verksemda heidra med Nynorsk næringslivspris.

Berømte gjester

Kjelder

Bakgrunnsstoff