Hold On, I'm Comin'

Hold On, I'm Comin'
Singel av Sam & Dave
frå albumet Hold On, I'm Comin'
B-side

«I Got Everything I Need»

Språkengelsk
UtgjeveMars 1966
Innspelt1966
SjangerSoul, rhythm and blues
Lengd2:35
SelskapStax/Atlantic
S-189
KomponistDavid Porter, Isaac Hayes
TekstforfattarDavid Porter, Isaac Hayes
Låtskrivar(ar)Isaac Hayes
David Porter
ProdusentJim Stewart
Sam & Dave-kronologi 
«You Don't Know Like I Know»
(1965)
Hold On, I'm Comin'«Said I Wasn't Gonna Tell Nobody»
(1966)


«Hold On, I'm Comin'» (offisielt registrert som «Hold On, I'm Coming»,[1] og oppført på den originale singelen som «Hold On! I'm a Comin'")[2] er ein song frå 1966 av soulduoen Sam & Dave, gjeven ut på Atlantic-selskapet Stax i 1966.

Songen vart skriven av låtskrivarteamet Isaac Hayes og David Porter, som kom opp med tittelen på songen spontant då Hayes prøvde å få Porter til å skunde seg ut av opphaldsrommet i Stax Studios så dei kunne fortsette låtskrivinga.[3] Sjølv om den originale tittelen var «Hold On, I'm Comin'», protesterte somme radiostasjonar mot den «indikerande karakteren» i tittelen og på dei fleste kopiar av singlane stod det derfor «Hold On! I'm A Comin'».[4][5] Singelen vart gjeven ut som Stax 189 våren 1966 og nådde toppen av Billboard Hot Black Singles-lista og 21. plassen på Billboard Hot 100 i USA.[3]

Etter den instrumentale innleiinga, syng Sam første verset, medan Dave kjem inn på refrenget. Dave syng så andreverset. I mellomspelet syng Dave den første delen og Sam den andre delen, etterfølgt av ein kort instrumental. Sam syng tredjeverset.

Ein ny versjon av songen kalla «Hold On, Edwin's Coming», vart spelt inn av Sam & Dave som støtte for valkampanjen til Louisiana-guvernøren Edwin Edwards under den tredje valkampen hans i 1982. Tre år seinare slo Dave Prater seg saman med Sam Daniels som «The New Sam and Dave Review», og spelte inn «Medley/Hold On, I'm Comin'» for Atlantic Records.

Medverkande

  • Vokal av Sam Moore og Dave Prater
  • Instrument av Booker T. & the MG's og Mar-Keys Horns

Andre versjonar

  • I 1966 spelte jazztrommeslagaren Art Blakey inn ein versjon for albumet Hold On, I'm Coming
  • I 1967 spelte Brian May inn songen med bandet 1984 på Thames Television i Broom Lane Studios, Teddington, England
  • I 1967 spelte Tom Jones inn songen for albumet 13 Smash Hits
  • I 1967 spelte Maxine Brown og Chuck Jackson inn ein versjon av songen som nådde 20. plassen på R&B-lista og 91. plassen på poplista.
  • Bill Cosby gjorde ei komisk tolking av songen i 1968 for Bill Cosby Sings Hooray for the Salvation Army Band!.
  • Jazzfløytisten Herbie Mann spelte inn songen i 1969 på albumet Memphis Underground og konsertalbumet Hold On, I'm Comin' i 1973
  • George Benson på Good King Bad (1976).
  • Bryan Ferry (frå Roxy Music) på The Bride Stripped Bare i 1978.[6]
  • I august 1979 Precious Wilson frå Eruption på albumet Oceans of Fantasy av Boney M.
  • I 1979 spelte Karen Silver ein discoversjon som nådde 15. plassen på magasinet Billboard Disco-lista.
  • Songen vart spelt inn i 1979 discoduoen Blonde On Blonde på albumet And How!
  • Songen vart spelt av Jake and Ellwood i Bluesmobile i filmen The Blues Brothers
  • 1981 av Aretha FranklinLove All the Hurt Away. For denne vann ho ein Grammy for beste kvinnelege R&B-song.
  • I 1983 av Sharon Benson som singel
  • Michael Bolton spelte inn songen i 1992 på albumet Timeless: The Classics.
  • The Neville Brothers i filmen Money Train i 1995. Denne finst òg i traileren til filmen First Kid i 1996 og Pixar-filmen Toy Story 2 i 1999.
  • Tina Turner song songen på ein konsert i høve 60-årsdagen hennar i 1999, og denne vart seinare gjeven ut som bonusspor på albumet Twenty Four Seven. Songen vart òg spelt på Twenty Four Seven-turneen hennar i in 2000.
  • B.B. King og Eric Clapton spelte inn songen på albumet Riding with the King, i 2000
  • Amerie sampla songen på hitten hennar «Gotta Work» (2007).
  • Songen vart nytta i filmen American Gangster i 2007.
  • The Temptations spelte inn songen i 2007 for albumet Back To Front.
  • Samuel L. Jackson og Bernie Mac framførte songen i 2008 i filmen Soul Men.
  • Songen er nytta i videospelet Skate 2 i 2009 for Xbox 360 and PlayStation 3
  • Songen er nytta i pilotepisoden til serien White Collar.
  • Hanson spelte ofte songen på turneen deira sommaren 2010.
  • Songen er nytta i filmen Due Date frå 2010.
  • Garth Brooks spelte inn songen i 2013 på Blame It All on My Roots: Five Decades of Influences.
  • Arno Carstens frå Sør-Afrika spelte inn ein versjon i 2014 på albumet Lightening Prevails.[7]
  • Luca Ronka frå Italia spelte inn ein versjon i 2015 på Soul Man.[8]

Kjelder

Bakgrunnsstoff