Hirse
Hirse | ||
Systematikk | ||
Orden: | Poales | |
Familie: | Grasfamilien | |
Nokre artar | ||
|
Hirse er ei gruppe plantar i grasfamilien.
Bruk
Ulike korn blir kalla hirse. Fleire typar blir dyrka i Afrika og i Asia og Europa. Alle hirsetypane er naturleg frie for gluten.
Det finst mange ulike hirseplantar. Dei er ikkje i slekt seg imellom. Finn ein ei oppskrift med «hirse», kan det vere ulike hirsetypar som det er snakk om: Perlehirse, «vanleg» hirse, fingerhirse eller til og med sorghum kan av og til kallast hirse. Det er svært ulike planter, og dei kan ikkje alltid erstatte kvarandre.
Den planten ein i Noreg vanlegvis kallar hirse, kan òg kallast romersk hirse, sidan romarane dyrka han. Det blir i dag selt hirse i både helsekostforretningar (romersk hirse) og i innvandrarbutikkar (fingerhirse i tamilske butikkar kalla kurukkan, perlehirse i pakistanske butikkar kalla bajra, sorghum som heiter jowar på hindi). Hirse treng tørt klima for å vekse.