Hillesøy

tidlegare kommune i Troms fylke i Noreg

Hillesøy er ein kyrkjestad og tidlegare kommune i Troms. Den tidlegare kommunen er i dag delt mellom Tromsø kommune og Lenvik kommune.

Hillesøy
stad
Hillesøy kyrkje

Foto:M. Buschmann

Land Noreg
FylkeTroms
KommuneTromsø
Postnummer9118 BRENSHOLMEN
Innbyggjarnamnhillesøyværing
Kart
Hillesøy kommune
69°35′53″N 18°01′54″E / 69.598055555556°N 18.031666666667°E / 69.598055555556; 18.031666666667

Hillesøy kommune 1855 - 1964

Hillesøy var del av Lenvik formannskapsdistrikt frå 1837. Hillesøy blei skilt ut frå Lenvik som eigen kommune i 1855 eller 1871. (Statistisk sentralbyrå si historiske oversikt over endringsr i kommune- og fylkesinndelings nemner at dette er uklart.) I 1855 hadde Hillesøy 811 innbyggere.[1]

1. januar 1964 blei Hillesøy delt i to og slått saman med andre kommunar. Området på Kvaløya og øyane nord for Hekkingen, med 1316 innbyggjarar blei slått saman med Tromsø og Tromsøysund kommunar saman med det meste av Ullsfjorden til Tromsø kommune. Området på Senja og øya Hekkingen, med 1159 innbyggjarar, blei slått saman med eit område på Senja frå Sørreisa kommune, fire gardar frå Tranøy kommune og Lenvik kommune til den nye Lenvik kommune.[1]

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Hillesøy kommune frå 1900 til 1964:

1900[2]1.12.1920[3]1.12.1930[4]3.12.1946[4]1.1.1951[5]1.1.1961[5]1.1.1964[1]
1716197321892572257124792475

Bakgrunnsstoff

Fotnotar