Herpesvirus

(Omdirigert frå Herpesviridae)

Herpesvirus (Herpesviridae) er ein familie dobbelttråda DNA-virus med membranar i ordenen Herpesvirales. Dei har pattedyr, fuglar og krypdyr som vertar.[1]

Herpesvirus
Systematikk
Rike:Heunggongvirae
Rekkje:Peploviricota
Klasse:Herviviricetes
Orden:Herpesvirales
Familie:Herpesvirus Herpesviridae
Underfamiliar
Alphaherpesvirinae
Betaherpesvirinae
Gammaherpesvirinae
Oppbygginga til herpesvirus

Herpesvirus har lineære genom på 125-290 kilobasepar. Innanfor membranen har dei ein proteinstruktur kalla tegument, og innanfor tegumentet ligg eit ikosaederforma kapsid med trianguleringstal lik 16 og som inneheld DNA-et.[1]

Åtte herpesvirus kan ha menneske som vert, og er fordelte på dei tre underfamiliane av herpesvirus. Alle herpesvirus kan danna livslange løynde infeksjonar, der viruset ligg i spesifikke seller i verten og uttrykkjer gena sine minimalt.[2]

Kjelder

Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.