Herpesvirales

Herpesvirales er ein orden av dobbelttråda DNA-virus med membranar som har ymse ryggradsdyr og muslingar som vertar.[1]

Herpesvirales
Systematikk
Rike:Heunggongvirae
Rekkje:Peploviricota
Klasse:Herviviricetes
Orden:Herpesvirales
Familiar
Alloherpesviridae
Herpesviridae
Malacoherpesviridae
Oppbygginga til virus frå Herpesvirales

Virus frå Herpesvirales har lineære genom på 125-290 kilobasepar. Innanfor membranen har dei ein proteinstruktur kalla tegument, og innanfor tegumentet ligg eit ikosaederforma kapsid med trianguleringstal lik 16 og som inneheld DNA-et.[1]

Herpesvirales vert delt inn i tre familiar:[1]

Kjelder

Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.