Herman Lunde

Carl Herman Lunde (31. august 184114. mai 1932) var ein norsk teolog som verka som prest i over 50 år. Toneskaparen Johan Backer Lunde var son hans.

Herman Lunde

StatsborgarskapNoreg
Fødd31. august 1841
Død

14. mai 1932 (90 år)

Yrkeskribent, prest
Politisk partiVenstre
ReligionDen evangelisk-lutherske kyrkja
EktefelleInga Lunde

Herman Lunde vart fødd i Nes i Buskerud og voks opp fleire stader på Austlandet, sist i hovudstaden. Far hans var sorenskrivaren og seinare rådstueskrivare og auksjonsforvaltare Johan Peter Ernst Lunde (1791–1886). Mora var Ragnhild Fredrikke Louise Mathilde Püllich (1810–78).[1]

I 1866 vart han cand.theol. og var dei neste to åra lærar i Horten. Frå 1868 arbeidde han som sjømannsprest, fyrst i Cardiff til 1873 og sidan i fire år i Le Havre. Perioden 1877-81 var han prest for den dansk-norske kyrkjelyden i Paris. I 1881 reiste han heim til Noreg og var sokneprest i Risør til 1892. Han busette seg då i hovudstaden, der han var residerande kapellan i Vår Frelsars kyrkje i 9 år og til sist sokneprest i Treeiningskyrkja i 17 år. Frå 1895 til 1925 var han ein «[p]opulær forlikskommissær».

Lunde var ein «frisk forkynnar, levande interessert i kunst, aktiv idrottsmann og pol. liberal».[treng kjelde] Dei nærast avteologiserte oppfatningane hans av kristendommen vart møtt med motstand frå presteskapet og kristenfolket flest. Derimot var han ein mykje søkt sjelesyrgjar for menneske i utkanten av kyrkjekulturen.

Lunde gav ut fleire preikesamlingar, der han formidla eit syn som prøvde å sameine religionen med ei nyare forståing av mennesket. Av desse kan nemnast eit motskrift frå 1906 mot Arne Garborgs verk Jesus Messias, Kristus-prædikener frå 1908 og ei bok frå 1910 om Martin Luther.

Kjelder