Herisau

Herisau er ein kommune i kantonen Appenzell Ausserrhoden i Sveits. Kommunen har 15 236 innbyggjarar (2010) og eit areal på 25 km². Kommunesenteret ligg 771 meter over havet. Kantonsparlamentet og kantonsregjeringa har sitt sete i kommunen, som såleis er hovudstad i kantonen.

Herisau
Plassering
Herisau is located in
Styresmakter
Land Sveits
KantonAppenzell Ausserrhoden
Distriktingen
Språktysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

25,17 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

15 236
  605,3 /km²
Koordinatar47°23′0″N 9°16′0″E / 47.38333°N 9.26667°E / 47.38333; 9.26667
Høgd over havet771 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer9100
Nettstad: www.herisau.ch

Geografi

Herisau grensar i sør til kommunane Schwellbrunn, Waldstatt, Hundwil og i aust til kommunen Stein. I nord grensar Herisau til grannekantonen St. Gallen. 56,8% av arealet vert nytta til landbruk, 27,1 er skogdekt.

Demografi og språk

Folketalet har dei seinare åra vore i tilbakegang; 5,2% sidan 2000. 17,9% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. 87% av folket talar tysk, medan 3,8% har serbokroatisk og 3,4% italiensk til morsmål.

Historie

Herisau er første gongen nemnd i 837. Området låg under klosteret St. Gallen. Etter Appenzellkrigen braut staden med St. Gallen i 1433. Under reformasjonen gjekk Herisau med i den reformerte kyrkja og vart såleis med kantonen Appenzell Ausserrhoden. Trogen var første hovudstaden i kantonen. I 1877 vart Herisau hovudstad, men Trogen fekk behalde domstolen for kantonen.

Schwellbrunn vart skilt ut frå Herisau i 1648 og Waldstatt i 1719.

Kjelder

Bakgrunnsstoff