Here Comes My Baby av Cat Stevens
Here Comes My Baby Singel av The Tremeloes frå albumet Here Come the Tremeloes | ||
B-side | Gentleman of Pleasure | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1967 | |
Sjanger | Beat | |
Lengd | 2:48 | |
Selskap | CBS | |
Komponist | Cat Stevens | |
Tekstforfattar | Cat Stevens | |
Låtskrivar(ar) | Cat Stevens | |
Produsent | Mike Smith | |
The Tremeloes-kronologi | ||
«Good Day Sunshine» (1966) | Here Comes My Baby | «Silence Is Golden» (1967)
|
Here Comes My Baby av Cat Stevens frå albumet Matthew and Son | ||
Utgjeve | 10. mars 1967 | |
Innspelt | 1967 | |
Sjanger | barokk pop, folkrock | |
Lengd | 2:58 | |
Selskap | Columbia Records | |
Komponist | Cat Stevens | |
Tekstforfattar | Cat Stevens | |
Låtskrivar(ar) | Cat Stevens |
---|
«Here Comes My Baby» er ein song skriven av Cat Stevens. Han vart først innspelt og gitt ut som singel av The Tremeloes i januar 1967 og vart ein hit på singellistene i Storbritannia, Canada og USA, der han nådde høvesvis fjerdeplassen,[1] 7. plassen,[2] og 13. plassen.[3] Han dukka så opp på Stevens-albumet Matthew and Son, som kom ut i mars 1967. Stevens hadde spelt inn songen 1. februar 1967.
Salslister
Vekeslister
| Årslister
|
Andre versjonar
Yo La Tengo spelte inn songen i 1990 på albumet deira, Fakebook. Han vart også covra av The Mavericks, som nådde 42. plassen på den amerikanske Billboard-lista Hot Country Singles & Tracks i 1999 med sin versjon.[11] Turin Brakes gav ut ein coverversjon som ei B-side til singelen «Something In my Eye».[12] Den originale teksten til Stevens byrja «In the midnight moonlight I'll / Be walking a long and lonely mile». Dei fleste coverversjonar (inkludert den av Yo La Tengo) syng «In the midnight moonlight hour». Songen vart òg framført i den amerikanske animasjonsfilmen Barbie and the Sensations: Rockin' Back to Earth.