Hellisay

Hellisay (gælisk Theiliseigh) er ei øy sør på Ytre Hebridane i Skottland.

Hellisay
Lokalt namn Theiliseigh
Geografi
Hellisay is located in
StadAtlanterhavet
Koordinatar56°59′00″N 7°28′00″W / 56.9833°N 7.4667°W / 56.9833; -7.4667
ØygruppeYtre Hebridane

Areal1,42 km²

Høgaste punktMeall Meadhonach (79 moh.)

Administrasjon
LandSkottland
RegionYtre Hebridane

Demografi
Folketal0

Geografi og geologi

Hellisay ligg mellom Barra og Eriskay. Hellisay er ei av ei rekkje øyar mellom South Uist og Barra og ligg tett opp til naboøya Gighay.

Øya består hovudsakleg av gneis med nokre kvartsårer.[1]

Det er fleire toppar på øya, som på halvøya Charish og Beinn a' Chàrnain (73 moh), Meall Meadhonach (79 moh) og Meall Mòr (75 moh).

Dyreliv

Ein finn mykje vanlege sjøfugl, finn ein falk og kongeørn.Øya er dekke av fjørekoll.[1]

Historie

Namnet på øya har norrønt opphav. Det tyder kanskje «grotteøya». På kartet til Blaeu står det derimot Hildesay, som indikerer at namnet kan kome frå det norrøne Hildeøya.[1]

Busetnaden på øya var Buaile Mhòr nær Eilean a' Ghamhna nordvest på øya. Ein kan framleis sjå restar etter busetnaden.

Som så mange andre øyar i området vart Hellisay sterkt råka av Highland clearances. Først vart innbyggjarane tvangsflytta til naboøyane, før dei vart tvangsflytta vidare. Mange av dei busette seg på Eriskay. Folketalet var på det høgaste i 1841 med 108, men i løpet av tiåret vart nestne alle borte. Det budde likevel eit fåtal folk her til 1890-åra.[1]

Kjelder