Helge

mannsnamn

Helge er eit mannsnamn som kjem av det norrøne namnet Helgi, som igjen har opphav i ordet heilagr med tydinga ‘heilag’. I før-kristen tid var tydinga ‘heldig’ eller ‘sunn’, noko som kan vera knytt til det gammalhøgtyske ordet heil. Kvinnenamna Hege og Helga har same opphav.

Helge har namnedag 30. september i Noreg og Sverige.

Utbreiing

«Helge» er eit vanleg namn i Noreg og Sverige, og «Helgi» er vanleg på Island.

Tabellen nedanfor gjev eit detaljert oversyn over populariteten til fornamnet Helge i nokre av dei det finst tilgjengeleg statistikk for.

LandBlant landets mennBlant gutebarn
TalProsentRangeringTalProsentRangering
Island [1] Helgi1 528 (2004)1 %14.66 (2000-2004)0,63 %27.
Noreg [2] Helge13 977 (2006)0,6 %37.12 (2006)0,04 %291.
Sverige [3] Helge12 587 (2006)0,28 %-- (2006)-(> 100.)
Danmark [4] Helge5 074 (2007)0,19 %-- (2005)-(> 50.)

I Noreg var Helge eit vanleg namn på 1700-talet. Det var også mellom dei mest populære namna på gutar fødde i perioden frå om lag 1940 til 1955.

Historisk utvikling av populariteten til namnet Helge i Noreg.[5][6]

Kjente personar med namnet

Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår.

  • Helge Løvland (1890-1984), norsk tikjempar
  • Helge Rosvænge (1897–1972), dansk operasongar
  • Helge Ingstad (1899–2001), norsk oppdagar
  • Helge Sivertsen (1913-1986), norsk politikar og idrettsmann
  • Helge Seip (1919-2004), norsk politikar
  • Helge Jordal (f. 1946), norsk skodespelar
  • Helge Schneider (f. 1955), tysk komikar
  • Ingar Helge Gimle (f. 1956), norsk skodespelar
  • Helge Lund (f. 1962), norsk forretningsmann og konsernsjef i Statoil
  • Helge Sunde (f. 1951), norsk pressefotograf
  • Helge Bjørnstad (f. 1971), norsk idrettsmann
  • Helgi Sigurdsson (f. 1974), islandsk fotballspelar
  • Helge Lien (f. 1975), norsk jazzmusikar

Sjå òg

  • Hälge, svensk teikneserie

Fotnotar