Heilage Cecilia

Heilage Cecilia er ein kristen helgen som leid martyrdøden tidleg på 200-talet, truleg i år 230.[1] Ho er vernehelgen for musikarar og blinde.

Heilage Cecilia

Sankta Cecilia måla av Simon Vouet.
Føddca. 200
FødestadRoma
Daudca. 230
DødsstadRoma
Yrkemusikar
Helgendag22. november
Sankta Cecilia sin martyrdød, skulptur i Santa Cecilia in Trastevere av Stefano Maderno.

Cecilia er rekna som helgen i katolsk og ortodoks kristendom og i delar av den anglikanske kyrkja. Minnedagen hennar er 22. november.[2]

Biografi

Det finst ikkje sikre historiske opplysingar om Cecilia. Det kan ha levd fleire personar med dette namnet i antikken som blei æra som heilage i den tidlege kyrkja. Helgensoga som ettekvart blei fortald om Cecilia seier at ho kom frå ein kristen senatorfamilie i Roma, og blei gift bort til ein heidensk adelsmann, Valerianus, som ho overtalte til å leva i eit kysk samliv ved å fortelja at ein engel vakta over kroppen hennar. Etter at maken blei kristna av pave Urban I skal paret ha blitt krona med roser og liljer av engelen. Ifølgje den same soga skal paret ha lidd martyrdøden seinare under kristenforfølgingane. Bødlane mislukkast i å drukna henne i badet hennar, og halshogg henne i staden.

Før ho døydde, og medviten om at ho snart kom til å døy, skal Cecilia ha ordna det slik at heimen hennar blei gjort om til ein stad for gudstenester.

Leivningane hennar blei først lagde i Sankt Calixtus katakomber, der Urban I skal ha teke dei. Sidan 800-talet har relikviane hennar vore i basilikaen Santa Cecilia i Trastevere i Roma.[1]

Framstilling og tilknyting

Cecilia er blitt feira som helgen sidan omlag 300-talet.[3]

Sidan renessansen har Cecilia ofte blitt framstilt med eit orgel[1] ein bratsj[4] eller eit anna musikkinstrument i bildekunst.

I kulturen

I 1855 skreiv komponisten Charles Gounod ei messe til Sankta Cecilia.[5]

  • Den katolske kyrkja i Sverige nytte ei songbok som heiter Cecilia.
  • Lotta Pedersen og Göran Folkestad kom på andre plass i Melodifestivalen 1984 med songen «Sankta Cecilia».

Kor som syng kyrkjemusikk kan ha namn etter heilage Cecilia, som «Ceciliakören» i Svenska kyrkan.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Heilage Cecilia