Harald Andersson

Ernst Harald Andersson (2. april 190718. mai 1985) var svensk idrettsutøvar og politimann i Falun. Han sette verdsrekord i diskoskasting i 1934, same året vart han europameister i øvinga.

Harald Andersson


StatsborgarskapSverige
Fødd2. april 1907
Stanford
Død

18. mai 1985 (78 år)
Nynäshamn

Idrettfriidrett, boksing
Tok del i

Sommar-OL 1936

Karriere

Andersson var fødd i USA, voks opp i Sverige med sine svenske foreldre. Han var aktiv innom friidrett, boksing, bandy og vektløfting. I 1930 forbetra han den svenske diskosrekorden til 46,14 meter. Han mista rekorden, men tok i 1932 rekorden tilbake og forbetra den tre gongar, sist til 48,02 m. I september 1933 flytta han landsrekorden til 49,68 meter.

Seinsommaren 1934 lukkast Andersson forbetre den svenske rekorden ved fleire høve. Den 5. august nådde han 49,80 m, ei veke seinare passerte han 50-metersgrensa med eit kast på 50,29 m. Endå ei veke etter, kasta han 50,44 m i den svenske meisterskapen. 25. august, i landskamp mot NoregBislett stadion i Oslo, sette han verdsrekord då diskosen landa på 52,42 meter. Nye 14 dagar seinare vann han gullmedaljen i øvinga ved europameisterskapen i Torino.

Den siste nasjonale rekorden sette Andersson den 13. oktober 1935. Rekorden på 53,02 meter gjaldt til Roland Nilsson sletta den i 1954. Andersson lukkast ikkje ta seg til finalen under Sommar-OL 1936, han var hemma av ein skade i handa.

Andersson var svensk meister i diskoskasting frå 1932 til 1935. Han vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for 1934.

Harald Andersson i 1934.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Harald Andersson