Hamar bispedømme
Hamar bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Bispesetet er på Hamar med Hamar domkyrkje.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/4/4f/Hamar_domkirke.jpg/220px-Hamar_domkirke.jpg)
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/a6/Domkirkeruinene_lindahl_1.jpg/220px-Domkirkeruinene_lindahl_1.jpg)
Historie
Hamar bispesete vart oppretta i 1153. Ved reformasjonen i 1537 vart biskop Mogens send til Danmark som fange og døydde i 1542. Hamar bispedømme vart då lagt inn under Oslo. Ei svensk hæravdeling la Hamardomen i ruinar i 1567 under den nordiske sjuårskrigen. Ruinane står i dag under glas og fungerer både som kyrkje, kulturminne og turistattraksjon.
Hamar bispedømme vart skilt ut att i 1864. Vang kyrkje var biskopkyrkje i to år, fram til 1866, då Hamar domkyrkje stod ferdig.
Biskoper i Hamar bispedømme 1864-2006
Halvor Olsen Folkestad 1864-1887
Arnoldus Hille 1887-1906
Christen Brun 1906-1917
Otto Jensen 1917-1918
Gustav Johan Fredrik Dietrichson 1918-1922
Mikkel Bjønness-Jacobsen 1922-1934
Henrik Hille 1934-1947
Kristian Schjelderup 1947-1964
Alexander Johnson 1964-1974
Georg Hille 1974-1993
Rosemarie Köhn 1993-2006
Solveig Fiske 2006-
Prosti
Hamar bispedømme har følgjande prosti:
Hamar domprosti | Solør, Vinger og Odal prosti |
Fellesråd
Bispedømmet har har følgjande fellesråd: