Hallowed Be Thy Name

Hallowed Be Thy Name
Singel av Iron Maiden
frå albumet A Real Dead One
B-side

«The Trooper (Live)»
«Wasted Years (Live)»
«Wrathchild (Live)»

Språkengelsk
Utgjeve4. oktober 1993
Innspelt1993
SjangerHeavy metal
Lengd7:26 (Live singelversjon)

7:12 (albumversjon)

SelskapEMI
KomponistSteve Harris
TekstforfattarSteve Harris
Låtskrivar(ar)Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
«Fear of the Dark (Live)"
(1993)
Hallowed Be Thy Name«Man on the Edge»
(1995)


«Hallowed Be Thy Name» er ein song skriven av Steve Harris for Iron Maiden-albumet The Number of The Beast frå 1982. Han har blitt hylla som ein av dei beste heavy metal-songane gjennom tidene.

I 1993 vart eit konsertopptak av songen frå albumet A Real Dead One gjeve ut på singel. Denne versjonen vart spelt inn på Olympiastadion i Moskva den 4. juni 1993, under Real Live-turneen.[1] Innspelingar frå same turneen og den førre turneen, Fear of the Dark-turneen i 1992, vart gjevne ut som B-sider til singelen.[1][2] Det er den siste singelen til bandet med Bruce Dickinson før «The Wicker Man» i 2000.

Oversikt

«Hallowed Be Thy Name» har blitt spelt på nesten alle turneane til bandet sidan han kom ut, med unntak av Maiden England-turneen i 2012–14.[3] Allmusic skildra songen som «kanskje den mest feira av dei lange, episke låtane til bandet. Det er ei soge om ein fange som er i ferd med å hengjast, og har ein av dei mest filosofiske tekstane til Harris.»[4] Fleire bandmedlemmmar har sidan sagt at det er ein av favorittsongane deira, og Bruce Dickinson skildra han som «fantastisk» og at å spele songen på konsertane deira var som å «fortelje ein film til publikum.»[3]

Det er ein av dei mest spelte songane til Iron Maiden av andre artistar, med versjonar av artistar som Dream Theater,[5] Machine Head,[6] Cradle of Filth[7] og Iced Earth.[8] Iron Maiden spelte òg inn songen for fjernsynsserien Live from Abbey Road i 2007,[9] medan ein versjon spelt inn for BBC Radio 1 i 2005 vart nytta som B-side til «The Reincarnation of Benjamin Breeg».[10][11]

Tittelen på songen er ei linje frå Fadervår.

Innhald

UK 7" raud vinyl

  1. «Hallowed Be Thy Name» (live - Olympiastadion i Moskva 4. juni 1993) (Steve Harris) – 7:26
  2. «Wrathchild» (live - Laugardalshöll, Reykjavik 5. juni 1992) (Harris) – 2:55[12]

UK 12" biletplate

  1. «Hallowed Be Thy Name» (live - Olympiastadion, Moskva 4. juni 1993) (Harris) – 7:26
  2. «The Trooper» (live - Helsinki ishall, Finland 27. august 1992) (Harris) – 3:53
  3. «Wasted Years» (live - Stadthalle, Bremen i Tyskland 16. april 1993) (Adrian Smith) – 4:42[13]

CD Maxi single

  1. «Hallowed Be Thy Name» (live - Olympiastadion i Moskva 4. juni 1993) (Harris) – 7:26
  2. «The Trooper» (live - Helsinki ishall, Finland 27. august 1992) (Harris) – 3:53
  3. «Wasted Years» (live - Stadthalle, Bremen, Tyskland 16. april 1993) (Smith) – 4:42
  4. «Wrathchild» (live - Helsinki ishall, Finland 27. august 1992) (Harris) – 2:56[14]

Medverkande

studioversjon frå 1982
Konsertversjon 1993

Lister

Liste (1993)Plassering
Irish Singles Chart16[15]
UK Singles Chart9[16]

Kjelder

Bakgrunnsstoff