Håkon Fimland

norsk friidrettsutøvar

Håkon Fimland (fødd 8. mars 1942[1] i Førde, død 25. juli 2016) var ein norsk lærar, friidrettsutøvar og politikar. Han sprang hekkeløp og representerte Tambarskjelvar IL og IL Gular. Han deltok i europameisterskapet i friidrett i 1969 og 1971[2], og nådde semifinalane i 110 meter hekk båe gongar – med personleg rekord i München i 1971 på 14.26 sekund[3]. Ei skade hindra han frå å delta i München-OL i 1972[4]. Etter at Kjellfred Weum la opp i 1971, vart Fimland noregsmeister i 110 meter hekk seks år på rad, mellom 1971 og 1976.

Medaljeoversikt
Tevla for  Norge
Friidrett
Friidrett Norgesmesterskap
Gull1971 Hamar110 m hekk
Gull1972 Stavanger110 m hekk
Gull1973 Trondheim110 m hekk
Gull1974 Hønefoss110 m hekk
Gull1975 Bergen110 m hekk
Gull1976 Askim110 m hekk
Sølv1967 Trondheim110 m hekk
Sølv1969 Bergen110 m hekk

Han vart seinare trenar og idrettsleiar, med verv i friidrettsforbundet (styremedlem 1987-1990, nestleiar 1989-1990) og Norsk Kulturråd i siste halvdel av 80-talet. I politikken representerte han Senterpartiet, først i Bergen kommune sitt bystyre og kulturutval, før han vart dagleg leiar for kulturhuset, så kultursjef og seinare kommunalsjef i Førde kommune, der han arbeidde resten av sitt yrkesaktive liv.

For sin innsats for idrett og kultur har han motteke fleire prisar, deriblant Kongens fortenestemedalje i 2009[5] og Førde kommune sin kulturpris i 2015.

Han døydde i 2016.[6]

Referanser