Guldbagge
svensk filmpris
Guldbagge ('Gullbille') er ein svensk filmpris som har vore delt ut av Svenska Filminstitutet sidan 1964.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/02/Guldbagge.jpg/220px-Guldbagge.jpg)
Den første utdelinga vart halden på Grand Hotel Stockholm den 25. september 1964. Det vart delt ut tre prisar, for beste regi til Ingmar Bergman, beste kvinnelege skodespelar til Ingrid Thulin og beste mannlege skodespelar til Keve Hjelm.
Prisen er ei emaljert og forgylt koparbille som veg om lag 1,2 kg, og som er formgitt av kunstnaren Karl Axel Pehrson.
Kategoriar
Prisen blir delt ut til dei beste filmrelaterte prestasjonane i følgjande kategoriar:
- Beste film
- Beste regi
- Beste manus
- Beste foto
- Beste kvinnelege hovudrolle
- Beste mannlege hovudrolle
- Beste kvinnelege birolle
- Beste mannlege birolle
- Beste utanlandske film
- Beste kortfilm
- Beste dokumentar
Heiderspris
- Heidersguldbagge
Bakgrunnsstoff
- Guldbaggen
- Svenska filminstitutet
Denne filmartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
🔥 Top keywords: HovudsideVerdas landCarles PuigdemontSpesial:SøkSpesial:Siste endringarWikipedia:AtterhaldJonsokKrøllalfaPer PaustAndre verdskrigenBieMidsommarØresundbruaDet norske alfabetetGro Harlem BrundtlandBelgiaMastodontWikipedia:KontaktWikipediaLønnSvartifossIngerid StenvoldNasjonaldyrKleopatraVM i fotball 2022IslandEM i fotball 2024Google MapsTidvasskraftEM i fotball 2021TysklandFrankrikeRusslandNoregTrygve Slagsvold VedumN'Golo KantéJa, vi elsker dette landetEuropaTete Lidbom