Guitar Slim

amerikansk musikar

Eddie Jones (10. desember 19267. februar 1959)[1] betre kjend som Guitar Slim, var ein New Orleans-bluesgitarist i 1940- og 1950-åra. Han var mest kjend for den millionseljane songen «The Things That I Used to Do», produsert av Johnny Vincent for Specialty Records.[2] Songen er oppført på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll.[3] Slim hadde stor innvernad på rock and roll og eksperimenterte med forvrengde overtonar frå den elektrike gitaren eit heilt tiår før Jimi Hendrix.[4]

Guitar Slim

Fødd10. desember 1926(1926-12-10)
FødestadGreenwood, Mississippi, United States
Død7. februar 1959 (32 år)
DødsstadNew York City i USA
FødenamnEddie Jones
OpphavUSA
Aktiv1950–1959, 1959
SjangerBlues, elektrik blues, New Orleans-blues, R&B, rock and roll
InstrumentGitar, elektrisk gitar, vokal
PlateselskapImperial
Verka somMusikar

Biografi

Jones var fødd i Greenwood i Mississippi.[5] Mora døydde då han var fem og han voks opp hos bestemora. I tenåra arbeidde han på bomullsåkrane og fritida brukte han på platebulene der han stundom song eller dansa. Han var god nok som dansar til at han fekk kallenamnet «Limber Leg».[6]

Etter å ha kome attende frå militærteneste i andre verdskrigen, byrja han å spele på klubbar kring New Orleans i Louisiana. Bandleiaren Willie D. Warren introduserte han for gitaren. Han var særleg inspirert av T-Bone Walker og Clarence «Gatemouth» Brown.[5] Kring 1950 byrja han å bruke scenenamnet Guitar Slim og vart kjend for dei ville framføringane sine. Han gjekk med lyse dressar og farga håret sitt lyst for matche dei. Han hadde ein assistent som følgden han kring publikum med ein opp til 120 meter lang leidning mellom gitaren og forsterkaren,[7] og sat stundom på skuldrene til assistenten eller tok til og med gitaren med seg utafor klubben og fekk trafikken til å stoppe opp.[8][9] Lyden hans var uvanleg - han spelte gitaren sin med forvrenging meir enn eit tiår før rockegitaristane gjorde det same, og den gospelaktige røysta hans gjorde han lett å kjenne att.[10]

Han spelte stundom i lag med Muddy Waters i Los Angeles i California på somme konsertar.[11]

Innspelingar

Den førte innspelinga hans var i 1951. Han hadde ein mindre rhythm and blues-hit i 1952 med «Feelin' Sad», som Ray Charles seinare spelte inn. Den største suksessen hans var «The Things That I Used to Do» (1954),[5] som var produsert av ein ung Ray Charles og gjeven ut av Art Rupe sitt Specialty Records.[12] Songen låg fleire veker på toppen av R&B-lista til Billboard og selde over ein million eksemplar,[2] og vart etter kort tid ein bluesstandard.[1] Han medverka òg til utviklinga av soul.[13]

Han spelte for fleire selskap, som Imperial, Bullet, Specialty og Atco.

Død

Det gjekk nedover med karrieren og Jones vart alkoholikar. Han døydde av lungebetennelse i New York City, berre 32 år gammal.[14] Han er gravlagd på ein liten gravplass i Thibodaux i Louisiana, der manageren hans Hosea Hill budde.

Ettermæle

Buddy Guy, Albert Collins[7] og Frank Zappa[15] var alle inspirerte av Guitar Slim. Det same var Jimi Hendrix, som spelte inn ein versjon av «The Things That I Used to Do», med Steve Stills på bassgitar, i 1969.Stevie Ray Vaughan spelte òg ein versjon av songen.[16]

Ein av sønene til Jones kalla seg Guitar Slim jr. kring New Orleans. Han spelte mange av songane til faren.[7]

Kjelder

Bakgrunnsstoff