Gregorius Dagsson
Gregorius Dagsson (død 1161) var ein norsk høvding i borgarkrigstida. Gregorius Dagsson var lendmann for kong Inge Krokrygg, og Snorre fortel i Haraldssønenes saga at Gregorius og Inge si mor Ingerid Ragnvaldsdotter freista å styra den vanføre kongen.
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f0/Dronning_Ingerid_og_Gregorius_egger_kong_Inge.jpg/220px-Dronning_Ingerid_og_Gregorius_egger_kong_Inge.jpg)
Bakgrunn
Gregorius var son av Dag Eilivsson, som grunnla Gimsøy kloster, og gjennom mora var han i nær skyld med Giskeætta. Systera Baugeid var abbedisse ved klosteret.[1] Ei anna syster, Borghild, var gift med Kåre kongbror, sammødre halvbror av kong Olav Magnusson.[2]
Lendmann i borgarkrigstida
Gregorius var ein av dei fremste lendmennene i si tid, og budde på garden Bratsberg i Grenland. Då han hadde påkalla seg kong Sigurd Munn sin vrede, gjekk han over til bror til kongen, Inge Krokrygg. Han vart ein av Inges sterkaste støtter i dei følgjande konfliktene, då Inge sine brør, Sigurd og Øystein Haraldsson slo seg saman for å fråta han hans del av riket. Inge var sterkt funksjonshemja, og lét høvdingane (mellom anna Gregorius) rå for det meste av landstyringa.[3] Inge sin bror Øystein freista å ta Gregorius til fange, men Gregorius klarte å rømme, og Øystein brann garden hans.[4]
Gregorius vende seg fyrst mot Sigurd og fekk han drepen i Bergen i 1155. Då Øystein ville hemne drapet, overrumpla Gregorius han nokre år seinare ved Foss i Ranrike, der Øystein fall. Då Sigurd Munns son Håkon Herdebrei seinare tok kongsnamn, var Gregorius ein av førarane for den hæren som slo han ved Konghelle i 1159. Men då Gregorius med få menn ville angripe Håkon sine bønder i nærleiken av Uddevalla i januar 1161, vart han drepen. Liket vart gravlagd i Gimsøy kloster.[5]
Våpenskjold?
Gregorius vart i «Gerhard Schønings våpenbok» frå sist på 1700-talet, påstått å ha hatt eit våpenskjold, utan at dette er stadfesta i kjelder frå mellomalderen.[6] Påstanden finst ikkje i Iver Hirtzholms våpenbok frå 1600-talet. Truleg er våpenet ei forveksling med våpenet til sysselmannen i Skien, Stig Håkonsson, som er kjent frå 1335.[7]
Referansar
Litteratur
- Hans Cappelen: «Ikke Gregorius Dagsson», Våpenbrevet nr. 94 mars 2015, Norsk Heraldisk Forening, Oslo 2015. Artikkelen justert i Ætt og Annet nr. 96, Grenland Ættehistorielag, Skien 2015, side 37-38
- Johan Marius Setsaas: «Schønings våpenbok: Til glede og bekymring», Genealogen nr. 2/2014, Oslo 2014, side 45-51
- Nordisk familjebok. Uggleupplagan. Bd. 10 (1909), «Gregorius Dagssön» [1]
- Snorre: Norges Kongesagaer. Oversatt av Anne Holtsmark og Didrik Arup Seip. Gyldeldal, Oslo 1979
- «Gregorius_Dagsson» i Store norske leksikon, snl.no.
- Gregorius Dagsson i Norsk biografisk leksikon