Gregers Wulfsberg

(Omdirigert frå Gregers Winther Wulfsberg)

Gregers Winther Wulfsberg (26. oktober 178023. september 1846) var ein norsk embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann.[1]

Gregers Wulfsberg

StatsborgarskapNoreg
Fødd26. oktober 1780
Tønsberg
Død

23. september 1846 (65 år)
Moss kommune

Yrkejurist, politikar
Språknorsk
FarJacob Wulfsberg
Gregers Wulfsberg på Commons

Wulfsberg var fødd i Tønsberg, som son av ein byfut. Sjølv vart han student i 1801, og cand. jur. i 1804. 1805-07 var han tilsett i det danske kanselliet i København, frå 1807 var han auditør ved sønnafjelske infanteriregiment. Han vart i 1811 byfyut og byskrivar i Moss, i tillegg vart han i 1822 konstituert i Moss sorenskriveri. År 1831 vart han amtmann i Smaalenene, eit embete han hadde til han døydde.

I 1814 var Wulfsberg utsending frå Moss til riksforsamlinga på Eidsvoll. Seinare var han stortingsmann i 1824, 1827 og på overordentleg storting 1828. Han var òg suppleant til Stortinget i 1814, 1830, 1833, 1836 og 1839.[1]I 1824 var han formann i redaksjonskomiteen og medlem av bankkomiteen. Både i 1824 og 1827 var han sekretær i komiteen om kjøpstadskatten. I 1828 var han atter formann i redaksjonskomiteen.

Wulfsberg døydde i Moss i 1846.

Kjelder