Gravitropisme

Gravitropisme (også kjend som geotropisme) er ein koordinert prosess for differensiell vekst i ein plante i respons til tyngdekrafta som verker på han. Prosessen finst òg i sopp. Tyngdekrafta kan vera naturleg eller «kunstig» gravitasjon. Prosessen er eit generelt karaktertrekk for alle karplantar og mange ikkje-karplanter, og andre organismar. Charles Darwin var ein av dei fyrste som på dokumenterte vitskapeleg at røter viste positiv gravitropisme og stenglar viste negativ gravitropisme.[1] Det vil seia at røtene veks i retningen gravitasjonen trekk dei (det vil seia nedover) og stenglane veks i motsett retning (det vil seia oppover). Denne oppførsla er lett å demonstrera med ein tilfeldig valt potteplante. Når denne blir lagt på sida, byrjar dei vaksne delane av stengelen å visa negativ gravitropisme, og veks oppover (eller snur vekstretningen; sjå tropisme). Urteaktige (ikkje vedaktige) stenglar er i stand til å bøya seg i ein viss grad, men mesteparten av den endra vekstretningen skjer som følgje av ny rot- eller stengelvekst. Mekanismen er basert på Cholodny-Went-modellen, som blei foreslått i 1927, og er sidan blitt modifisert.[2]

Døme på gravitropisme i eit tre frå sentrale Minnesota. Treet har falle ned, og på grunn av gravitropisme veks det med bogeform.
Gravitropismen gjer at desse trea veks vertikalt oppover.

Kjelder