Granvin herad

tidlegare kommune i Hordaland fylke i Noreg

Granvin herad er ein tidlegare norsk kommune i Hardanger i Hordaland fylke. Granvin var ein av dei kommunane i landet som nytta nemninga «herad» i staden for «kommune». Våpenet til kommunen er ei hardingfele.[1]Heradskommunen vart oppretta i 1891. 1. januar 2020 vart Granvin slegen saman med Voss kommune til Voss herad.

Granvin herad
kommune
Kommunevåpen
Land Noreg
FylkeHordaland
Adm.senterEide
Areal213 km²
 •  land205 km²
 •  vatnkm²
Målformnynorsk
OrdførarIngebjørg Winjum (V)
Kommunenr.1234
Kart
Granvin herad
60°31′37″N 6°43′10″E / 60.526944444444°N 6.7194444444444°E / 60.526944444444; 6.7194444444444
Wikimedia Commons: Granvin (former municipality)
Nettstad: www.granvin.kommune.no
Bilde tatt ved Granvinsvatnet medan det bryggar opp til regn.
Foto: G.K. Tjoflot

Geografi

Granvin er ein av dei sju hardangerkommunane. Granvin er lett å koma til med båt eller bil. Granvinsfjorden går heilt inn til sentrum, til det gamle trafikk-knutepunktet Eide. Riksveg 13 går mellom Voss og Granvin. Fylkesveg 7 går til Bergen langs Hardangerfjorden. Det tek 30 minutt til Voss og ca. 2 timar til Bergen eller til Flesland flyplass med bil. Det går òg buss til Bergen og Voss. Frå Kvanndal går det ferje til Kinsarvik og Utne i Ullensvang herad.Hardangerbana, som var ein sidebane til Bergensbanen og førte frå Granvin til Voss, vart lagt ned i 1985.

Bygda har tradisjonelt vore tufta på skog- og jordbruk som næringsveg. Dette er òg grunnlaget for seinare års industriutvikling, med Granvin Bruk

Historie

Granvin vart eigen heradskommune i 1891, då heradet vart utskilt frå Ulvik heradskommune. Det første namnet var Graven heradskommune, men i 1898 vart dette endra til Granvin.

I april 1940 var det kamphandlingar ved Skjervefossen i kommunen, etter at tyske troppar hadde blitt sett i land inst i Granvinsfjorden og heldt fram over land mot Voss.

1. januar 1964 vart eit område rundt Kvanndal, langs Hardangerfjorden i vest, overført frå gamle Kinsarvik herad til Granvin herad, som dermed fekk grense til Kvam herad i vest.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for Granvin kommune frå 1920:

1.12.1920[2]1.12.1930[3]3.12.1946[3]1.1.1951[4]1.1.1961[4]1.1.1971[4]1.1.1981[4]1.1.1991[4]1.1.2001[4]1.1.2010[4]
1070a1159a1190a1158a1070a1013100010501037947
aTalet omfattar ikkje området rundt Kvanndal, som vart overført til Granvin herad frå Kinsarvik kommune i 1964. Dette området hadde då 72 innbyggjarar.

Politikk

Heradstyrerepresentantar

Det første listevalet i Granvin vart halde i 1928.

ÅrBygdelisteArbeidarpartietSamlingslisteSenterpartiet/
Bondepartiet
VenstreHøgreFelleslisterSosialistisk
Venstreparti
1928[5]93
1931[6]Ikkje listeval
1934[7]Ikkje listeval
1937[8]813
1945[9]66
1947[10]Ikkje listeval
1951[11]831
1955[12]3181
1959[13]373
1963[14]373
1967[15]463
1971[16]472
1975[17]247
1979[18]3721a
1983[19]3622a
1987[20]3622
1991[21]26221
1995[22]26221
1999[23]26221
2003[24]35212
2007[25]6412
2011[26]4531

a Fellesliste Venstre/Kristeleg Folkeparti

Kjende personar frå Granvin

Grunnkrinsar i Granvin herad

Granvin er eitt delområde som er deld inn i åtte grunnkrinsar.[27]

Sjå òg

Fotnotar

Bakgrunnsstoff