Graemsay

Graemsay er ei øy i vestsenden av Scapa Flow i Orknøyane i Skottland. Det står to fyr på øya.

Graemsay
Geografi
Graemsay is located in
StadAtlanterhavet
Koordinatar58°54′N 3°18′W / 58.9°N 3.3°W / 58.9; -3.3
ØygruppeOrknøyane

Areal4,09 km²

Høgaste punktWest Hill (62 moh.)

Administrasjon
LandSkottland
RegionOrknøyane

Demografi
Folketal21 (2001)
Folketettleik5,1 /km²

Geografi

Hoy fyr
Graemsay frå Hoy

Graemsay ligg mellom Hoy og StromnessMainland. Mellom øya og Mainland ligg Clestrain Sound. Øya har eit areal på 4,09 kvadratkilometer og består hovudsakleg av jordbruksland.

Geologisk består øya av gammal raud sandstein frå devontida med to vulkanske forkastingar. På nordsida finn ein granitt-skifer, noko som er sjeldan å sjå på Orknøyane.

Graemsay er omgjeve av kraftige tidvasstraumar, lokalt kalla roosts. Det går ferje mellom øya og Stromness og Moaness på Hoy.

Dyreliv

Av fuglar på øya finn ein tjeld, sandlo, raudstilk og storspove. Delar av øya er i stor grad urørt natur.

Historie

Som mange andre øyar i Orknøyane er det samband til keltisk kristendom, kanskje frå før-norrøn tid. Det finst restar frå to tidlege kyrkjer, tileigna St. Bride og St. Columba[1], som begge er helgenar av irsk opphav.

Det står to fyr på øya, Hoy High (nordaust) og Hoy Low (nordvest), begge bygde i 1851 av Alan Stevenson[2] for sildeindustrien på 1800-talet.

Nordvest for Point of Oxan i Burra Sound, ligg det søkkte skip, som vart søkkte med vilje under den andre verdskrigen for å blokkere innløpet til Scapa Flow

Skulen på øya lukka i 1996 og barna på øya må i dag ta båt til Stromness.[1]

Kjelder