Gozo

Gozo (maltesisk Għawdex) er ei øy i Dei maltesiske øyane i Middelhavet i landet Malta. Ho er den nest største øya i øygruppa etter sjølve øya Malta. Samanlikna med naboøya er Gozo meir landleg og kjend for dei vakre åsane.

Gozo
Lokalt namn Għawdex
Ramlabukta på Gozo
Ramlabukta på Gozo
Geografi
StadMalta i Middelhavet
Koordinatar36°03′N 14°15′E / 36.050°N 14.250°E / 36.050; 14.250
ØygruppeDei maltesisk øyane

Areal67 km² km²

Administrasjon
LandMalta
Største busetnadVictoria (6 414 innb.)

Demografi
Folketal31 053 (2005)
Folketettleik462 /km²

Eit populært kallenamn på Gozo er «Kalypsoøya», som kjem av staden Ogygia i det greske mytologiske diktet Odysseen.[1] I segna vert øya styrt av nymfen Kalypso som heldt helten i diktet som ein kjærleiksslave i sju år. Ein meiner at Gozo er same stad som Ogygia.[2]

Sjølve øya har i dag kring 31 000 innbyggjarar (heile Malta har 402 000) og innbyggjarane kallar seg gozitanarar. Ho har mange historiske stader som templa Ġgantija, som er den eldste frittståande bygningen og ein av dei eldste religiøse bygningane i verda.[3]

Historie

Gozo har vore busett sidan år 5000 f. Kr. då bønder frå Sicilia i nord kryssa havet til øya. [4]. Desse folka var truleg ein del av den innfødde sicanistamma på Sicilia. Enkelte forskarar meiner at dei første kolonistane kom frå Agrigento-området sidan ein har funne same type keramikk på desse to stadane frå Għar Dalam-perioden. Dei nådde Gozo før Malta, sidan øya ligg nærare Sicilia,[4] og ein meiner at dei budde i grotter i utkanten av dagens St. Lawrence.[4]

Gozo var ein viktig stad for kulturell evolusjon og seint i steinalderen vart Ġgantija-templa bygd. Desse vert rekna som dei eldste frittståande strukturane i verda, i tillegg dei eit av dei eldste religiøse byggverka, sjølv eldre enn pyramidane i Egypt og Stonehenge.[3]Det maltesiske namnet på templa tyder «som høyrer til gigantane» fordi ei segn på Gozo seier at templa vart bygd av gigantar. Ein annan viktig arkeologisk stad på Gozo er steinsirkelen Xagħra frå steinalderen.

I juli 1551 invaderte og plyndra osmanarane og barbareskpiratane under Turgut Reis og Sinan Pasha Gozo og tok dei fleste innbyggjarane, om lag 5000, som slavar og førte dei til Tarhuna Wa Msalata i Libya. Gozo vart så busett igjen mellom 1565 og 1580 av folk frå sjølve Malta og overteke av Maltesarordenen.[5]

Historia til Gozo er sterkt knytt til maltesisk historie, sidan Gozo har vore styrt av Malta i lange periodar, bortsett frå ein kort periode då dei fekk sjølvstyre av Napoleon etter han erobra Malta mellom 28. oktober 1798 og 5. september 1800.

Demografi

I 2005 hadde øya 31 053 innbyggjarar, der 6 414 bur i hovudbyen Victoria, òg kalla Rabat. Summarisk fødselsrate var 7,93, langt lågare enn 9,59 for Malta.

Geografi

Victoria (eller Rabat) på Gozo.

Gozo har eit areal på 67 km² og ligg om lag 6 km nordvest for det næraste punktet på øya Malta. Ho har ei oval form og er 14 km lang og 7,25 km brei.

Ein av dei flottaste stadane på Gozo er Ramlabukta, med raudoransje sand og krystallklårt turkis vatn. Ei anna flott strand er San Blas like i nærleiken.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Fotnotar